lomper & peonar & kyss & polaroid & iste & wok & poirot.

weekend.
laurdagsfrukostar er dei beste, spesielt etter ein har vore i senga i ekstra to timar berre fordi ein har lyst. no for tida et eg lomper med philadelphia, agurk, paprika og lauk(anten raud eller vår). og iste fra palais des thes. og eplejus(elskar at lerum skriv jus). og ein fersken.

weekend.weekend.
etter frukost hoppa me på eit tog til hauketo for grilling med familie. bestemor var i byen og da må ein sjølvsagt sei hei. når me kom heim var det blomar utanfor døra, fra ein lesar som ville sei gratulerar med forlovelsen. herregud, folk er så fantastisk fine. takk, maria!

weekend.
han der fine starta på pizza, raud saus + ananar i tynne tynne skiver + persille/koriander + mozzarella + valnøtter.

weekend.
jenny kom og me snakka masse om film, eg skreiv ei lang liste og ho fekk låna kanskje seks.

weekend.
pizzaen var fantastisk, han der fine er så flink til å laga mat så ein bør vurdera å leiga han ut.

weekend.
og jenny hadde med dessert i form av smågodt.

weekend.
og etter jenny reiste var eg så trøtt og litt lilla.

weekend.
weekend.
dagen etter tok eg og han der fine bilder av kvarandre på veg til cafe di roma, der me skreiv postkort på dei finaste bildene som finst nesten.

weekend.weekend.
hei, her er eg.

weekend.
han der fine fekk iskaffi og eg fekk iste og irriterte meg over kor små glas det var.

weekend.
hei, fin.

weekend.
så gjekk me til ein grønnsakshandlar også inn på chillout for å sjå på reisebøker om ungarn, og det viser seg at kjellaren der er den finaste så dit må me igjen gå ein dag snart.

weekend.
eg hakka grønnsaker og steikte kjøtt.

weekend.
og valnøtter og koriander.

weekend.
og steikte eggnudlar. dei er så fine som små knyttnevar.

weekend.
så vart det ganske okei middag.

weekend.
så tok me tre polaroidbilder ute før me sprang inn igjen til poirot og kveldslomper.

hadde de fine helger?


this was my weekend! long breakfasts, getting flowers from a reader, having jenny over for pizza and mad men(and candy), diana polaroids and ice coffee and tea, wok and poirot.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *