om kjærleik og livet og sånt, men kort.

my engagement ring.

jonsok: christine+fredrik kom med flyet og eg hadde rydda, vaska, støvsugd, skura. eg hadde nummer 47 fra lille asia i ein boks, steikte nudlar med kylling, åt med pinnar, på eit teppe i kubaparken, eg snudde meg mest fordi christine smilte litt og han kom gåande opp bakken mange timar før bussen skulle komma, med dior-dressen og lilla sløyfe med ein pose i hånda og bestemte auge og eg følte det i magen, liksom tusen sløyfer som vart knytt på éin gong. kyss og eg sa “ikkje her”, eg hadde ikkje sko på men gjekk over jorda likevel, fekk gras inn i strømpebuksa men det gjorde ingenting, me gjekk inn i skogen og eg sa “her” og han gjekk ned på kne og spurte og eg sa ja(eller eg nikka men han skjønte godt kva eg meinte) og heile kroppen min skalv og eg klarte nesten ikkje å stå og det var som eksplosjonar i smilebåndet og i hjartet og litt tårer men mest berre smil. så no er eg forlova. me er forlova. eg og den finaste personen i verda skal gifta oss og det føles så himla rett og eg skal fortella meir seinare når eg ikkje er opptatt med å kyssa. suss.


i got engaged yesterday and i will tell more about it when i’m not busy making out.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *