limeøl, idiot & sopp+bacon

oslo summer.
i går på veg heim med kofferten min på trikken sendte eg melding til janne der eg skreiv “ås to i osjlo?” og sånn vart det så da kjøpte me to øl og gjekk i parken.

oslo summer.
janne kjøpte nektariner og eg var sur for at ferskenane ikkje er heilt topp enda og at dei mest sannsynlig kjem til å vera på sitt beste medan eg er i eit anna land og eg veit ikkje korleis ferskenane er der og det er stort sett det eg tenkjer på for tida.

oslo summer.
eg hadde meg meg mine nydelege spelekort. eg fant dei i amsterdam i fjor og dei var det vakraste eg hadde sett.

oslo summer.
janne ville mest springa bort til dei som trena rett ved sidan av og såg heilt lengselsfull ut i ansiktet.

oslo summer.
me spelte idiot og eg måtte lære janne om igjen men etter kvart skjønte ho.

oslo summer.
etter kvart kom sara, ho hadde med litchi.

oslo summer.
og pomelo.

oslo summer.
litchi er skikkelig fin frukt sjølv om dei av og til ser ut som små foster på innsida.

oslo summer.
sara filma til ei sommarskuleoppgave og hadde fin englandskjole på.

oslo summer.
eg var sjølvsagt glad. så kasta eg og sara janne heim og gjekk på ica for å kjøpa inn til middag.

oslo summer.
eg lagde fantastisk fantastisk middag og eg skal legga ut oppskrift altså. det var det beste eg har smakt.

oslo summer.
så prøvde eg å redda basilkumsplanta vår, me såg på ting eg har klipt ut fra magasin den siste månaden og snakka om at me ikkje kjem til å sjå kvarandre att før midt i juli.

i dag er det onsdag og det er den beste dagen i veka.


yesterday: fruit and beer and cards in the park with janne and dinner with sara.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *