hasselbladkjærestar.

hasselblad.

han som kjem med paracet når eg har vore i sola for lenge og fått vondt i hovudet, han som blir så himla glad kvar gong han får couscous til middag, han som vil ha beibiar like mykje som meg og dei skal vera våre, han som alltid held hånda mi og aldri blir lei det, han som stryk meg litt ekstra om morgonen fordi han meinar huda mi er mjukare da, han som set på denne songen før me skal legga oss om kvelden og denne når han vil at eg skal stå opp. han som seier “gud, du er vakker” når han tar bilder av meg, han som treng meg nesten like mykje som eg treng han, han som er stolt av meg når eg ikkje klarar å vera det sjølv.

berre litt onsdagskjærleik, liksom.


the essence of this entry: “i love my boyfriend”.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *