søndagsmiddag.

i går kom janne på middag. janne er vegetarianar, så det er så fint når ho kjem så me får utfordra kjøkkenskillsa våre litt. me hadde koriander i kjøleskapet og poppa innom på asia marked for å kjøpa vårrullpapir, så vips! vart det vårrullar.

du treng:
vårrullpapir/rispapir(me brukte den minste størrelsen for me skulle egentlig laga gyoza, så eg anbefalar større ark til vårrullar, det er mykje enklare. til bygdelesarane mine: eg trur faktisk at mega skal ha rispapir, spør i putikken, dei kan heilt sikkert hjelpa)
eitt egg
grønnsaker ein vil ha(me brukte gulrot, gul lauk(altså, vanlig lauk, ver ikkje redde), vårlauk, paprika, champignon og mais)
risnudlar
olje(ikkje oliven)

sunday dinner.
ein kan egentlig bruka kva grønnsaker ein vil, men her er min måte: ta ut vårrullpapira fra frysaren. legg risnudlane i blaut i varmt vatn, dei skal ligga der til dei blir heilt mjuke. hakk opp champignon og lauk og steik det i litt smør på middels varme til lauken er heilt mjuk. riv to gulrøtter i ein bolle, ha oppi ein liten boks mais, hakk ein heil paprika og vårlauk, bland dei steikte grønnsakene oppi og når risnudlane er klare kan ein klippa dei opp i små strimler og ha dei oppi. om ein vil bruka kjøtt kan ein ha i det til sist, men det er fint å eta eit par middagar utan kjøtt i veka óg, altså.

sunday dinner.
så blandar ein ei eggeplomme med ei spiseskjei vatn i ein kopp, penslar arka, fyller ut og brettar. om ein er litt lur så går ein på youtube, til dømes denne videoen og studerar der. me bretta på litt ulike måtar for det går an óg. me bretta rundt bordet alle tre og det gjekk fort og var veldig sosialt så eg anbefalar å vera fleire om brettinga.

sunday dinner.
mens du steikar kan du be ein venn, i dette tilfellet janne, om å laga iste(me har kjøpt te fra palais des thes som er perfekt til iste og den er sååå himla god.)

sunday dinner.
steik dei i litt olje, me hadde ikkje så mykje i panna for me ville ikkje at dei skulle vera så innmari oljete, så me hadde heller i litt og litt etter det vart mindre, også tørka me av kvar enkelt vårrull etter dei var ferdigsteikte. om ein vil frityrsteika dei så brukar ein ein kjele og tømmer oppi så det dekkar heile vårrullen.

sunday dinner.
så kan ein servera med ris og ein god dipping sauce og eta til ein får vondt i magen. bon apetit!


for dinner yesterday: spring rolls.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *