koriander og peppermynte.

saturday.
min laurdag starta med å levera første hasselblad-film til timesframkalling. så hadde me ein time å slå ihjel, så da trikka me til nationaltheateret og den beste godteriputikken i oslo, sharon’s sweet shop. der fylte me ei bøtte med finast snop og hoppa vidare til tronsmo for å sjekka korleis det stod til med magasinet. det er ti eksemplar igjen, og dei ligg ganske fint til, det er berre å spørja etter hjarte-magasinet også finn dei det.

saturday.
saturday.
så gjekk me til anti-sweden for han der fine skulle prøva bukser. dei har så kule lokale.

saturday.
saturday.
på veg til oslo city hoppa me inn i ein bakgård der det vart spelt indisk musikk, og eg tok bilder og tenkte på at eg burde jo bli streetstyle-fotograf, liksom. hihi.

saturday.
saturday.
eg hadde impulssnurr i håret og var ganske glad med regnjakke på.

saturday.
me gjekk til asian food market og måpte og prøvde å finna ut kva ting var, men det er faktisk umulig.

saturday.
men dette forstår eg: ei pakke med peppermynte for ti kroner. kjærleik.

saturday.
saturday.
han der fine plukka meir fornuftige ting til middag og ho i kassa lo av oss og var søt.

saturday.
på veg heim igjen var det grønt og grått samtidig. her er forresten snarvegen min, til dei som har spurt. ca midt på den stien der ringte janne meg for å spørra om eg ville på kafé og det ville eg jo.

saturday.
me satte oss på café di roma som eg aldri har vore på før og ikkje janne heller.

saturday.
eg fekk iskaffe av janne. den var supergod og eg ville at glaset skulle vera dobbelt så stort minst.

saturday.
janne kjøpte iste som óg var god.

saturday.
janne var laurdagsglad og hadde kjøpt nye ting fra lykkekontoen sin. ho har nemlig ein konto som ho setter over ein viss sum pengar i månaden som ho får bruka på ting som gjer ho glad. er ikkje det fantastisk?

saturday.
saturday.
eg var iskaffiglad og demonstrerte helly hansen-hette. det regna skikkelig og me måtte nesten springa heim.

saturday.
saturday.
hadet janne og hei han der fine, me starta laurdagskvelden med å eta peanut butter cups med kvit sjokolade(fra sharon’s sweet shop) og dei var så gode at me berre vart ståande og sjå på kvarandre mens me åt dei. om det finst nokon lesarar i amerika: send sånne!

saturday.
så laga eg peppermyntete med fersk peppermynte og det var fantastisk.

saturday.
han der fine laga korianderpizza som me hadde fantasert om heile fredagsnatta. med så masse gode greier på.

saturday.
pizza i ovnen og enda meir koriander til dressingen. å som eg elskar koriander.

saturday.
pizzaen var så fantastisk god og me såg mad men og glee til maten.

saturday.
så impulsbestemte me oss for å drikka vin.

saturday.
så da gjorde me det.


hadde de fine laurdagskveldar?


my saturday: developing my first hasselblad film, going to sharon’s sweet shop(love that place), taking pictures in an indian alley, asian food market where we bought herbs and other things, drinking ice coffee with janne in the rain, reese’s peanut butter cups with white chocolate(love love love them!), fresh peppermint tea, coriander pizza, mad men, glee and cava.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *