hundre&seks av sånt som varmar langt inn i magen.

når eg føler at ting går mot meg i verda kjøper eg nye notatbøker med fine ferske sider og kanskje nokre tusjar. så fyller eg sidene med alt eg tenkjer på. då mamma var sjuk kjøpte eg ei som ikkje var så fin og den var fylt med veldig destruktive tankar som at eg gjekk og håpa på at bilar skulle kollidera framfor meg og at folk skulle snubla i trapper. på mandag kjøpte eg ei moleskine med blanke sider uten linjer og den ville eg fylla med ting som gjer meg glad(dei som har lest magasinet veit jo at dette er sånt eg gjer). eg skreiv ned kanskje femti ting før eg gløymte boka igjen på bussen til haukeland onsdag. eg håpar den som fant den trong den, og her er dei tinga eg hugsar pluss mange fleire fordi eg følte at femti var eit stusselig tal:

1. å gå over torgalmenningen og møta blogglesarar som kjem fram for å sei hei og “korleis går det med pappan din?” for dei veit sjølvsagt at han nettopp har operert.

2. bøker som ein elskar i mange mange år og når ein les dei om igjen finn ein alltid noko nytt, fine sitat å leva etter eller bilder på ting ein ikkje såg sist.

3. når ein kjøper ting over nett og gløymer at ein kjøper det og blir så superglad når ein opnar postkassa fordi det føles som om nokon har sendt ei gåve men egentlig har ein jo putalt for det sjølv.

4. å ligga heile dagar i parken der ein ikkje veit kor mykje klokka er og ikkje spør heller, og huda til han der fine luktar som sol.

5. syltetøy på fingrane.

6. å eta rista brød til frukost og tenka over om ein vil eta den enden som er minst eller mest rista til sist.

7. solbriller som har eigne etui som er som sniglehus men for solbriller.

8. søndagar i september.

9. å finna akkurat nøyaktig det ein gjekk på vintage/gjenbruk-putikk for å finna.

10. å rappa eminem på fest med janne, for me kan alle tekstane og me blir aldri lei.

11. å finna ut at nokon ein kjenner elskar anten rødbitar eller joikakaker, for ein føler seg ganske aleine i verda om det av og til.

12. sugemerker.

13. å vera heime og gå forsiktig over golvet fordi pappa spelar lp-plater og dei hoppar om ein går tungt.

14. naboar som byr inn til tyrkisk kaffe og den rare kjensla i magen som lurer på om ein tør.

15. å planlegga reiser, skriva med snirkelskrift i notatbøker og bokmerker i firefox.

16. å dra senga heilt inntil pulten fordi me ikkje har trådlaust nett og sjå criminal minds på tv2 sumo fordi eg har gløymt å avbestilla, og eta gulrøtter og dip fordi det ein hadde i kjøleskapet passa akkurat.

17. når hundar lignar på eigarane sine.

18. når bilar lignar på eigarane sine.

19. når ein skal vekka ein sovande kjæreste og det endar med at ein sovnar i ein varm og litt klam armkrok og det er den beste søvnen ein har hatt på mange veker.

20. å vassa i fontener for det er så varmt og strømpebukser og sko er av for lenge sidan og ein er litt raudvinsfin så me passar på kvarandre at ingen tråkkar på sprøytespissar og knuste ølflasker og det er lyst men folk har ikkje stått opp enda.

21. å finna ein fotograf som ein veit at kjem til å påvirka ein lenge lenge framover.

22. babyelefantar.

23. når nokon på trikken snakkar om noko og du høyrer at dei seier noko som er heilt feil men ein vil ikkje sei noko så da berre smiler ein ned i skjegget.

24. å smaka noko nytt på restaurant og bli så forelska at ein må leita opp tusen oppskrifter.

25. pistasjmilkshake som smakar skyer og barndom.

26. samtalar med bestemor eller mormor på telefonen.

27. når pappa har kreft og ein sit og ventar på ein kirurg på ventesal to og ler av frisyrer og ting me hugsar og det er ingenting ved vårt lille følge som seier kreft for dei som går forbi.

28. å møta nokon ein aldri har møtt før på fest og høyra noko dei seier i forbifarten som handlar om anten seriemordarar eller asperger og plutseleg sit ein i ei seng med veldig levande hender og snakkar heile natta.

29. når ein kjøper ny sminke og ho som jobbar der seier at ein har fin hud og absolutt ikkje treng foundation eller pudder.

30. å snakka med venner av mamma og pappa og innsjå at det er folk som har kjent ein heile livet og ein veit at ein alltid kan komma til dei om det er noko. som eit ekstra par foreldre, kan ein vel sei.

31. når venner er sjuke og ringjer og spør om ein kan kjøpa drops og hostesaft og cola og kjeks.

32. å skriva ein tekst og bruka innmari lang tid så det er nesten som å ha eit lite barn, og når ein viser det til nokon og dei likar det så kjenner ein at det løsnar noko inne i kroppen.

33. skyggen i fjerde etasje av trea som står utanfor som er så fin at eg tenkjer på å fotografera den nesten kvar dag men aldri gjer det for eg veit at den kjem til å vera der neste dag.

34. presskannekaffe.

35. å snakka med fjorten år gamle gutar utan andre fjorten år gamle gutar rundt, så er dei som små hundekvalpar som ein berre vil klappa og gi jentetips til.

36. når eg kjøper makronar på sebastien bruno og får snakka pyttelitt fransk og han stoppar akkurat før han veit eg ikkje kan meir så eg ikkje skal bli flau.

37. å gå forbi leilighetar i første etasje og sjå inn også er det fest eller eit par som kyssar i sofaen eller berre ein mann som ser tomt inn i eit skap og ein kjem aldri til å finna ut kva han såg etter men det er okei for da kan ein fantasera.

38. syriner når det regnar og bles. da ser dei ut som jenter med sinte kjærestar, dei bøyger seg og heng med hovudet men knekk veldig sjeldan.

39. når det er begravelse og dei senker bestefaren din ned i jorda og akkurat da tar ei kusine hånda di og du veit akkurat korleis ho har det.

40. når sjukehuspappa får zoo-drops og ikkje heilt klarar å løfta armen så kvar gong han får lyst på så formar han hånda til ei skål og eg spør “kor mange?” og han seier “seks”.

41. mødre som heng opp ungane sine bilder på veggen og kjøleskapet sjølv om det kun er ein blå strek og sjølv om det blir rotete.

42. når nokon har eit favoritt-tal og har ein spesiell grunn for det.

43. å ta telefonen sjølv om ein kjenner at pulsen går fordi ein ikkje kjenner nummeret.

44. alt med polkadottar på.

45. å kjøpa noko heilt nytt sjølv om ein aldri gjer det og føla seg litt skyldig men óg himla fornøgd.

46. å gå på teater og gestikulera fordi det er sånt ein gjer, i køen for å kjøpa vin eller for å henta billettar, og å nesten gå på tåballane heile tida.

47. når folk snakkar til deg og du ikkje skjønnar kva dei seier for dei mumlar sånn men dei ler sånn av det dei seier sjølv at ein berre må le uansett.

48. å legga nye ting i inspirasjonspermen og kjenna korleis det brenn i fingertuppane.

49. å henta framkalt film og rulla den ut på trikken for å kanskje sjå kva som er der, og når ein kjem heim veit han der fine at han ikkje skal spørra meg om å laga middag for eg er fryktelig oppteken og det kan ikkje venta.

50. når ein får melding av eit ukjent nummer og det står “hei, jeg leste på bloggen at du liker å få tekstmeldinger” eller noko sånt og ein blir så himla himla glad at ein smiler nesten heile dagen.

51. vintage-badedrakter.

52. når ein finn noko som er verdt mykje på loppemarknad og ein er litt nonchalant når ein spør kor mykje det er verdt så ikkje dei bak disken skal skjønna at det er eit sinnsjukt kup
p.

53. å laga mat til fleire enn to og vita når ein serverar det at det er supergodt og at alle kjem til å ha eit fantastisk måltid og knappa opp buksene etterpå.

54. når ein er vert på fest og ein berre står og ser utover forsamlingen og merkar at alle har det bra og at det er skikkelig god stemning og det er ostekake i ovnen.

55. å sjå halvskummel film med han der fine og merka at me er like redde begge to og må skjula augene bak håret til kvarandre.

56. å senda songar til folk på spotify og få songar tilbake óg.

57. å sletta teite spørsmål på formspring.

58. å lesa meldingane til folk som sit framfor deg på bussen eller trikken. spesielt om dei er veldig søte eller sinte.

59. når folk snakkar med bestemødrene sine på trikken og må snakka kjempehøgt for at dei skal høyra også ser dei litt oppgitt på oss andre som for å sei unnskyld. men me forstår.

60. å føla at ein ser bra ut.

61. å trena sånn at ein sveittar skikkelig også hoppa rett i dusjen i halvlunke vatn også gradvis skru det kaldare og kaldare.

62. å kjøpa nye notatbøker og kanskje dedikera dei til noko heilt spesielt, som til dømes å skriva ned fine ting i eller kanskje idéar.

63. å lesa på trikken og plutseleg er ein framme sjølv om det skulle ta ein halvtime også innsjå at ein sovna heilt utan å merka det.

64. å opna ei bok på akkurat side hundre.

65. å opna ei bok og vera på nøyaktig samme side som ein slutta sist, sjølv om ein ikkje har bokmerker eller eseløyre eller noko.

66. å sitta heile natta på inspirasjonsjakt, hoppande fra link til link til ein plutseleg finn eit paradis og ein føler seg så inspirert at ein nesten sprekk.

67. å laga invitasjonar på facebook sjølv om ein berre skal sjå ein film eller eta middag og skriva superengasjerte postar på veggen.

68. når kattar og hundar veit kva dei heiter.

69. å vita at han der fine planlegg noko hemmelig men ikkje vita kva, berre føla energien av noko som skal skje i lufta.

70. å gå på maritaputikken og finna noko som du har sikla på på designtorget lenge, berre at der kosta det femhundre og plutseleg kostar det femti fordi nokon ikkje ville ha det likevel.

71. å svara på mail supermann-superfort.

72. når ein føler ein har imponert folk som er vanskelige å imponera.

73. å lika noko så godt som eg likar peppermyntete og gløyma kor godt det er fra kvar gong ein drikk det så ein alltid blir glad.

74. å kjøpa ballongar og sjå på mens dei fyller den med helium.

75. når ein kjøper noko og får fin papirpose med fin logo på og kanskje silkebånd til å holda i.

76. å føla at ein har hjulpe nokon ein ikkje kjenner.

77. lyden av hasselblad, følelsen av å ta ut min første film.

78. å lesa bøker som var favorittar som liten og kjenna at ein kan kvart einaste ord enda og at ein kanskje framleis er den samme personen.

79. når ein ikkje har sett nokon på lenge og berre kan møta personen og snakka snakka snakka hol i hovuda på kvarandre som om ingenting og alt som har skjedd sidan sist og vera fryktelig ærlige men ikkje redde.

80. å sitta barnevakt for kusina mi og vita at akkurat no er dei ute på middag og har det heilt fantastisk.

81. når han der fine snakkar om musikk som han elskar, som radiohead eller sting og han får eit heilt spesielt uttrykk i ansiktet og går til og med på ein spesiell måte.

82. å gi vekk ting eg ikkje treng lenger til nokon som blir veldig glade.

83. å tenka på at fredrik snart flyttar til oslo.

84. å skriva ned alle tinga eg lurer på i ei moleskine og håpa at eg aldri finn svaret på dei.

85. å laga nye spelelister på spotify.

86. når ting smakar pasjonsfrukt.

87. å sitta på offentlig transport i eit ikkje-norskt land og saman med han der fine snakka om kva alle andre har på seg og kommentera “han der burde kanskje gått til frisøren for tjue år sidan”, “den buksa vil eg ha”, “eg vil vita kvar ho har kjøpt den kjolen” også berre håpa at ingen skjønnar norsk for det hadde vore himla flaut.

88. å klina i heisen.

89. å klina i heisen og når dørene opnar seg utan at me merkar det står det nokon utanfor som prøver å komma inn, så me spring ut og held pusten til me står utanfor og da sprekk me i eit latterkick og det regnar.

90. å ha venner som inviterar på blokkfløytekonsert.

91. hylleblomstsaft. og alt anna som smakar hylleblomst.

92. å frelsa nokon nye med nytt godteri eller ny mat også berre må dei vita kvar eg har kjøpt eller korleis dei lagar det.

93. når han der fine går rundt naken og som ein toåring ikkje ser noko problem i det, berre er naken og det var det.

94. å grava etter kaleidoskop på loppemarknad og vera skuffa fordi ein ikkje finn eit og akkurat når ein skal til å snu seg så ser ein eit i augekroken og det er superfint og ein ser i det på t-bana heile vegen heim.

95. å reisa ut til ullevål hageby for å sjå på husa og sjå for oss korleis liva våre ville vore, forskjellige fra hus til hus.

96. å bli inspirert av å kjøpa nye pennar og tusjar.

97. nye episodar i fine tv-seriar.

98. når folk går forbi og seier ha ein fin dag.

99. at ein kan kjøpa ei skål med popcorn på ryes for tjueåtte kroner, og velga om ein vil ha salt- eller smørsmak. og tre øl for hundre.

100. å vera skikkelig sint og knusa noko og kjenna at det hjelper.

101. å sitta i skinnstolar på bristol og snakka om sex og nesten føla at ein gjer noko gale mot alle dei overklassefolka som sit rundt, nesten som å søla til energien i rommet men egentlig føler me at me tilfører det noko.

102. metallboksar med altoids som klirkar i veska når ein går.

103. å få brev og pakker i posten av blogglesarar og føla at ein blir sett pris på.

104. pop up-bøker. som smørbukkaramellar og tjuekroningar, eit lite innblikk tilbake i ein barndom ein aldri skal oppleva igjen men ein kan likevel hugsa akkurat korleis var.

105. å vera på veg heim, køyrande på ein smal veg mellom fjell og ein slakkar farten og like ved på eit jorde kan ein sjå seks sju åtte hjortar som et gras og ikkje veit at ein ser på.

106. å gå i ein annan by og på andre sida av vegen står ein gut som lignar så innmari på han ein var så forelska i på ungdomsskulen og du kjenner pirret i magen framleis og når du går forbi så er det ikkje han men kjensla i magen er der likevel.

106 things that make me happy, a list i begun to write the day before my father’s cancer surgery. i lost the moleskine on the bus, bur i still remember most of it and a lot more too.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *