godis.

da har eg lest gjennom alle bidraga til godteri-konkurransen, og kårar ein vinnar under her men først vil eg at de skal sjå denne videoen(fra pippi langstrømpe, som eg vart tipsa om i det eine bidraget) for å komma i riktig stemning:

“hysj,kjem det nokon?”sa du.

“nei det er trygt” svara eg frå
innsida mens eg stappa ei til flaske ut frå katteluka i kjellaren.
Katten mjaua og strauk seg inntil beina mine, men eg hadde ikkje tid til
kos. dette var eit hemmeleg oppdrag som måtte gjennomførast med stil og
kløkt. Når det gjaldt snop, så var me dønn seriøse,alltid på jakt. i
god gamaldags olsenbanden-stil hadde snopesuget tatt overhand. planen:
me skulle stjela flasker frå kjellaren, smugle dei ut or katteluka, eg
på innsida du på utsida,me skulle pante dei og kjøpe så mykje snop me
berre kunne ete. det var ein herleg plan. og når me kom dragande på eit
lass med flasker på kiwien som låg oppi svingen,då smilte kiwi-mannen
godt i skjegget. me rekna på kva me skulle kjøpe og brukte opp alle
pantepengene på krona.

etter det var gjort klatra me opp i eit
tre, eller på palle-tårnet bak kiwien. der kunne me sjå alle som gjekk
forbi,høyre om mødrene våre ropte,og alle kunne antagelegvis sjå oss og,
men me spionerte jo på dei. milkyway roller var favoritten,men
bugg,tyggiskuler,stratos og lovehearts-leppestiftar skulle også nytast.
og me nøyt fangsten og utsikten. det er eit av mine beste minner, eg
trur det er ditt og. for når me går forbi pallane bak kiwi no, tolv år
etterpå så berre ler me samtidig og tenker at snop, det var seriøs
bisniss det.

gratulerar! du som har vunne: skriv ein kommentar i dette innlegget der du fyllar ut mail-rubrikken, så eg får sjekka at ip-adressa stemmer og at ingen prøver å jukse til seg godis, så sender eg deg ein mail! mitt fredagsgodis: mørk sjokolade med ingefær og sitron som han der fine fekk før i kveld. supergodislaurdagssuss!


the winner of the candy competition.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *