spørsmålsrunda med han der fine, del tre.

kva er ditt favoritt filmaugeblink?
kanskje når björk og peter stormare syng «i?ve seen it all» i dancer in the dark.

 

kva vin drikk du helst?
rosé. eg er mjuk mann okei?

 

har du nokon gong tenkt at det vøre fint å ha ivar aasen-skjegg? når du vert gamal og grå?
akkurat no har eg vore så  travel med eksamen at eg har gløymt å barbere meg, så eg har eit flaut, lite aasen-skjegg under haka. men jau, når eg blir gamal og graa, er det vel på sin plass å syne den gamle ein slik heider. 

 

hva er det beste du vet?
kjærleik. 

 

hva var det som fikk deg til å falle for mariell?
eg trur ho berre gav meg eit lite blikk inn i ei verd eg fekk veldig lyst å sjå mykje meir av. akkurat kva det var, veit eg ikkje.


på hvilke områder er dere forskjellige?
dei aller fleste. eg tenkjer gjennom det aller meste, medan ho er ekstremt impulsiv. det er kanskje den mest påfallande skilnaden mellom oss. 

 

hvordan takler du det at mariell har angst (som jeg synes er veldig fint gjort å fortelle om av henne!) og forstår du godt hva det er?
eg er tålmodig og så  har eg aldri sagt nei til at ho skal få krype inntil meg viss noko er skummelt. eg trur at angst er såpass forskjellig frå person til person at å forstå det hundre prosent er umogleg, men eg har nok kjennskap til å veta godt korleis det fungerer.

 

 

er du hippie mtp håret og litt stilen din?
nei, verkeleg ikkje.  

 

mtp at dere har vært sammen så lenge og ikke hatt andre partnere enn hverandre – hvordan ser du på det sånn i et fremtids-perspektiv? er det mulig å  forholde seg til en og samme et helt liv? (folk nå til dags er jo så ubesluttsomme, og må prøve ut litt her og der før de bestemmer seg)
me er pingvinar, saman til me døyr. 

 

hvilken ukedag er din favoritt og hvorfor?
fredag, synke attende i ein sofa i slutten av veka.

 

mgp – ja eller nei?
ja!

 

fantasy eller science fiction?
fantasy! 

 

hvor ofte har du tenkt å besøke henne i paris?
så ofte eg kan! 

 

hvilket politiske parti holder du med?
eg er ikkje medlem av partipolitiske organisasjonar, men stemte sv ved valet. 

 

er det riktig at du ble forelska i mariell før dere hadde møttes, i så fall, hvordan?
ja, på msn og telefon. det var leikande lett!

 

hva heter du egentlig?
jostein! 

 

kva er ditt forhold til nynorsk?
nynorsk er det vakraste skriftspråket eg veit og eg føler meg utruleg privilgert som har fått vekse opp med å skrive det. 

 

mange brukar ord i nynorsk som ikkje er i daglegtale, litt meir ein bok-nynorsk. korleis ser du på det?
det avhenger av samanhengen, men viss ein er medviten om det, tykkjer eg det er heilt rett. eg skriv «røyndom» i staden for «verkelegheit» som eg seier, og «draum» i staden for «drøm». så lengje eg føler at det er mitt språk, ser eg ikkje på det som noko problem. men eg kunne aldri skrive høgnorsk (aasen-nynorsk) til vanleg, sjølv om mange fornuftige folk gjer det òg. 

 

tykkjer du det skal vere meir dialektalt eller meir ivar aasen, viss du skjønar kva eg meinar?
det tykkjer eg må vera heilt opp til den enkelte å finne ut av. du vil aldri høyre meg seia at ein nynorsk er betre enn ein annan, men eg har meiningar om kva type nynorsk som passar i kva samanhengar. eg tykkjer til dømes at høgnorsk egnar seg svært godt i nynorskomsetjingi av lord of the rings, ringdrotten og at elias blix sin tidleg 1900-talsnynorsk egnar seg fantastisk i salmar. samstundes er are kalvø sin dialektnære nynorsk kjempebra i dei samanhengane han brukar språket. nynorsk er eit fantastisk fleksibelt språk; me har svært mange ulike stilnivå (prøv å gjera det same på bokmål) og den ressursen skal me veta om og verdsetja, ikkje berre le bort. 

 

 

er du av og til redd for at mariell er feil person? eller at du begår eit feilgrep ved å vere så investert i eit forhold så tidleg?
nei, aldri. 

 

vet du om en bra side hvor jeg kan kjøpe et kaleidoskop på nett? det er alt jeg ønsker meg.
viss det er alt du ønskjer deg, trur eg du er eit fantastisk menneske! (ebay og etsy. helsing mariell)


har du og mariell en yndlingskafe? isåfall, hvilken?
i oslo er sebastién bruno vår favoritt, sjølv om det er meir eit konditori. helst chocolaterie. (men akkurat no er ryes fin, og alltid bare jazz. helsing mariell)  

 

hva føler du inni deg når du spiller piano?
minst mogleg, eg prøver å sende det rett ut i fingrane utan å la det gå om medvitet fyrst. medvitet forseinkar alle kreative prosessar. 

 

og hva liker du best/minst med Oslo?
eg likar best mangfaldet, at eg høyrer meir arabisk enn norsk på grønland og at mariell og eg plusteleg kan finne ein fransk barnehage på frogner! eg likar ikkje at byen kjennest så upersonleg, det kjennest som alle berre går forbi kvarandre og er interesserte i seg sjølv. 

 

hva slags shampoo bruker du? det ser litt vanskelig ut å vaske de lange dreadsene.
ingen spesiell, eg berre har oppi det som står i dusjen. 

 

jeg lurer veldig på hvordan det er å bo i oslo. vurderer å flytte dertil for å  studere. er det så skummelt så mange vil ha det til? narkomane og skumle utlendinger, skumle gater?
fyrst vil eg seia at eg avskyr ordbruk som «skumle utlendinger». det finst ingen unnskulding for å seia at «utlendingar» er skumle, og eg godtek det ikkje. viss du er redd utlendingar, kan du ikkje bu i oslo, for her er svenskar overalt! når det gjeld byen, kan han vera skremmande by av og til, spesielt om kvelden. viss folk prøver å selja deg dop eller fylgjer etter deg, er ikkje det noko kjekt. dei narkomane er sjeldan noko problem, dei har oftast nok med seg sjølv. (men som regel, nittini komma ni prosent av tilfella føler ein seg ganske trygg. helsing mariell)


kva vil du helst gjera ein sumardag?
spela volleyball og høyre på daft punk i ei utvald vestlandsbygd. 

 

hva er din favorittspilleliste på twitter?
her tippar eg det skal stå  spotify, kanskje? dette med spelelister er nytt for meg, eg er ein notorisk album-person. men eg likar dei mariell lagar, akkurat no tykkjer eg «clean white love»-lista er fin. 

 

får du ofte høre at du ligner på orlando bloom?
ja, overraskande ofte. eg har verkeleg a l d r i tenkt på det sjølv, men stadig vekk kjem folk bort til meg på gata og påpeiker dette. eg tenkjer: han er dritpen, så eg skal ikkje klaga. det beste var dei japanske turistane som slett ikkje kunne engelsk og prøvde å formidle dette her, samt ta bilete av meg. 

 

kan du legge ved et bilde av ansiktet ditt?
mariell, kan du fikse?

 

 

kva er det viktigaste du har lært det siste året?
at ein berre må halde fram med å tru og prøve sjølv om det av og til verkar som om du aldri skal få til noko som helst. 

 

jeg vil ikke spørre om noe og jeg ser jo at det er streket over alt og er for sent og sånt. men si til han der fine at jeg liker lktrsk msik. jeg smilte.
suss, suss, suss, suss! kvar gong eg lagar elektronika, blir folk overraska/skuffa, fordi eg liksom er han der jazzfyren med pianoet, så det er faktisk veldig, veldig kjekt når folk seier dei likar når eg lagar slik type musikk òg! 

 

oppsamling: positive og negative ting med mariell:
mariell er det sterkaste mennesket eg har møtt, og det beundrar eg ho uendeleg for. ho har også  eit heilt fantastisk blikk, i går, på beck(altså, me såg beck på tv), sa ho plutseleg: «hihi, ho kunne ikkje opne døri heilt, for det var spegel på innsida!» og då ville jo alle sjå kameraet. ho ser a l l e slike ting både på bilete og film, og kan å bruke dei augo også til å ta fantastiske bilete med. ho ser korleis dei kjem til å sjå ut. estetikken til mariell er ufatteleg moden; det kan de lett sjå av magasinet hennar, ho er ekstremt trygg på kva ho likar og ikkje likar. det er til stor hjelp både for hennar eigen kunst, men òg for min, fordi eg alltid spør om kva ho tykkjer før eg gjer ei låt ferdig. viss ikkje ho likar det, arbeider eg meir. ho er utruleg merksam og snill mot andre menneske, då svogeren til mamma døydde av kreft for nokre år sidan, sende mariell ein pakke med smil i posten med ein lapp der det sto «hugs å smile!». ho hugsar alltid kva eg har ynskt meg til jul!

 

det vanskelegaste med å  bu med mariell er at ho kan vera litt sånn som heidi klum på  project runway; «either you?re in, or you?re out». og så er ho skikkeleg dårleg på nokre sånne praktisk-fornuftige ting som eg masar om, henge opp handkle, skyle mjølkekartongar og sånt. men eigentleg har eg fleire sånne ting eg gløymer, så eg kan ikkje klaga.
 

og det var det siste! føler de at de kjenner han der fine og kanskje meg litt bedre óg no?

the third and last lot of questions from you to my boyfriend.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *