dagar i bergen.

dei siste dagane i bergen har eg omtrent ikkje orka å løfta kameraet, har hatt altfor mange tankar i hovudet og litt for lite kreative spirer i hovudet. men her er i alle fall eit lite utdrag av bergen så langt. i morgon etter eit par fine møter reiser eg tilbake til ein ventande kjæreste med eit dunkande hjarte.

bergen/hospital.
på kafé med eira tysdag. me var på chillout og snakka om følelsar og kreft. rart med det.

bergen/hospital.bergen/hospital.
på veg til sjukehuset tysdag kveld, med ballongar i baksetet.

bergen/hospital.bergen/hospital.bergen/hospital.bergen/hospital.bergen/hospital.
på sjukehuset i dag, med ein fin pappa som til og med er oppe på føttene og kan nesten ikkje få gått nok.

håpar de har hatt fine dagar og at de ikkje er triste for at kjole- og makronmariell er litt på ferie. ho kjem tilbake snart, lovar. (og eg veit at det er teit å ha dårlig samvittighet for sånt, men unnskyld til alle dei som har helsa på meg for at eg har vore så himla fjern, eg har berre vore så sjukt sliten i hovudet dei siste dagane. suss.)


my last days in bergen: café with eira, balloons in the backseat and at the hospital with my father.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *