pappa-oppdatering.

operasjonen til pappa gjekk fint i dag, dei fekk gjort alt dei skulle. me fekk møta han ein liten halvtime, og sjølv om han framleis var litt neddopa, fryktelig tørst og hadde fem nye hol i magen så hadde han det ganske fint og han sa “no må du skriva at eg har våkna”, så no gjer eg det. han er nyforelska i mamma og vil gifta seg på nytt(og eg trur ikkje det var berre smertestillande som snakka heller). finaste finaste pappa. både han og eg er så innmari takknemlig for all støtte me har fått fra fine blogglesarar, han er inne og sjekkar når han får tid og mulighet. suss.


just an update: my father’s surgery was successful, he’s awake and well.

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *