spørsmålsrunda med han der fine, del to.

hvor lenge har du spilt piano?

sidan eg var åtte!

 

har
du gått noe form for musikklinje?

ja, fantastiske firda på sandane!

 

hvilken sang synes du er den gøyeste å spille på piano?

den eg spelar når eg er heime i
lærdal, alle dei andre har
lagt seg og eg sit åleine i stova.

 

kan du spille noe annet enn piano?

eg spela trompet i mange år, men med
påfallande middels minus
teknikk. eg har òg spela ein del gitar.  

 

når startet
du med å lage musikk?

ganske
tidleg, eg skreiv utruleg mykje musikk på
ungdomsskulen. då eg var 14
(trur eg) gav eg ein cd i julegåve til
slekti, der eg hadde skrive det
meste av musikken sjølv.

 

 

har du noe
forbilde?

eg ser at eg
ikkje får lov å skrive mariell, men eg skriv det likevel. elles er det
mange fantastiske personar å sjå opp til i verdi, men ein av dei eg
set
høgast er arve henriksen. 

hvorfor
akkurat han/henne?

Fyrst fordi han
er ein fantastisk
musikar og ein utruleg ærleg og naken kunstnar. så
fordi han er så
audmjuk og snill, aldri påståeleg eller påteken. han
berre seier det
han tykkjer og så er det som oftast utruleg klokt. eg
blir inspirert
berre av å snakke med han eller høyre trompettonen hans
eit minutt.

 

hvorfor begynte du å spille piano?

eg trur nok eg starta mest for å bli
flinkare enn syster mi.
men ganske fort fann eg noko ved pianoet eg
ikkje fann andre stader, og
då vart eg sitjande.

 

har du et kallenavn til henne, slik som hun kaller deg “han
der fine”?

eg kallar
ho
«finami» heile tidi. om kvelden eller viss ho er lei seg, er ho
«vetle
vennen min». elles er ho ofte «fina» eller «baby» eller «bella».
eg må
òg nemne at ho kallar meg ikkje «han der fine» til vanleg, det
ville
vore rart. det gjer ho berre når me tullar med det, «han der
fine» er eg
på bloggen. men ho kallar meg ofte «fina» eller «finami»
eller «søta».

 

hva er din
formening om harry
potter?

det er
fantastisk, eg blir utruleg inspirert av filmane!

 

hvilke språk
snakker du?

eg talar lesjing,
ein variant av gudbrandsdøl. (også snakkar han jo engelsk og spansk. helsing mariell)

 

hva er din
største drøm?

å få
vera med mariell resten av livet og få fine småe
med ho som kan krabbe
opp på pianokrakken til meg og forstyrre meg når
eg spelar. (<3)


hva slags
sjokolade liker du best?

anten kvit eller kolande svart.

 

drikker du
kaffe
eller te om morgenen?

viss eg drikk
noko, er det helst kaffi.

 

kva er livretten din?

mariell
seier oppgjeven: «pasta carbonara eller pannekaker.
eller blomkålsuppa
til mor di». (altså, kvar gong eg spør han om kva me skal laga til middag seier han anten pasta carbonara eller pannekaker. var berre det. helsing mariell)

 

korleis er
det å vera kjærasten til mariell?

fantastisk,
nydeleg, travelt!

 

yndlingsinstrument?

isolert sett;
bassklarinett.

 

banalt,
men… hvor lenge har du hatt dreadsene dine?

i nøyaktig bittelitt over fire år!

 

hvor lenge har du
hatt dreadsene dine? de er så fine!

takk!

 

er
du opptatt av
politikk?

eg forstår ikkje
korleis folk kan ikkje vera opptekne av
politikk. for
meg er det ei openbar plikt når ein er eit menneske i eit
samfunn.

 

har du noen gang komponert noe til ære for mariell? i så fall, hva heter det?

då ho var
i paris, skreiv eg eit
stykke som heitte «kjære fru måne» som eg
skreiv etter at ho sa på
telefon til meg (klokka eitt om natti): «skriv
eit stykke til meg
davel». klokka tre ringde eg og spela det for ho.

 

 

hva kler du deg
ut som på karneval?

ein gong skulle
eg kle meg ut som
raudhette. kvelden før begynte eg å grine fordi eg
oppdaga at raudhette
var jente. ein annan gong gjekk eg som skalden i
robin hood-filmen
(disney, altså). mamma laga ein lutt av papp. (åh. åh. åh. helsing mariell)

 

hva er den
fineste akkordprogresjonen du vet om?

å-hå-hå-hå. ooh. dette er eit
spørsmål med mange svar.
«martha» av tom waits er magisk enkle.
introduksjonen til andre del i vårofferet av stravinsky
er ekstremt
komplekse dissonansar som let nydeleg naturleg, iskaldt frå
den
slaviske urtidi.

 

hvilken av mariell sine kjoler
liker du best?

hihi! eg
elskar odd molly-kjolane hennar og så den rosa
kakekjolen. i tillegg
har eg eit veldig sterkt forhold til ein brun
kjole med myrke blomar
på, fordi det var den fyrste kjolen ho kjøpte.
det var eit lite steg på
butikken, men eit ganske stort eitt i liva
våre.

 

hvordan møttes du og mariell, og hva tenkte du første gangen
du så hun?

ho kom for å sjå på meg på ukm i lærdal og eg såg veninna
hennar over salen, så då visste eg at ho var der. ho hadde ei gigantisk
svart kåpe og knytt far hennar sitt burgunder slips rundt livet. vårt
fyrste kyss var forsvinnande kort og me var litt flaue. men seinare sto
me på busstasjonen og kyssa og kyssa.

 

kva er du mest redd for i heile verda?

å miste mariell.

 

og kva gjer deg mest glad i heile verda (merk: ikkje kven, men
kva. kven ville vera for åpenlyst;)

å få
ordentleg anerkjenning for musikken min.

 

fortell om livet
som student på firda vgs :)

i sogn og
fjordane er det ganske vanskeleg å vera annleis. på sandane er det ei
liti oase der akkurat det er lov, og den heiter firda. idrettselevane
ler av musikkelevane og omvendt, men på ein eller annan merkeleg måte
aksepterer me alle ulikskapane og fungerer saman.

 

har du fordommer
mot folk som stemmer frp?

alle har
fordommar i større eller mindre grad. det som er viktigare er at eg har
teke eit sjølvstendig standpunkt i høve til frp sin politikk og at for
min del seier det å stø ein slik politikk mykje om personen bak. likevel
finst det aldri svart og kvitt og eg kjenner fleire trivelege frparar.

 

hva skal du gjøre
når mariell reiser til paris neste år?

då skal eg og skjønne sunniva vera her i oslo og øve oss på å
bli kjent med folk.

 

Hvilken av mariells egenskaper kommer minst fram i bloggen,
etter din mening? Jeg så forresten noen bilder av deg i motmæle! Er
ganske sikker på at det var deg i alle fall. (og ja, jeg er medlem i nm,
også skriver jeg bokmål. trist. det er så mye mer sjel og klang i
nynorsk, med alle diftongene og alt. skulle ønske jeg var flinkere.)

bloggen er hundre prosent sanning, men slett ikkje hundre
prosent av sanningi. dei myrke og vanskelege sidene av livet er sjeldan
med der, og det er mariell heilt klår på. elles tykkjer eg du berre skal
slengje deg utpå med nynorsken, du lærer jo best av å skrive det!

 

 

var det du som var i sogndal på vgs og pratte om nynorsk? viss
det er deg, var det veldig tilfeldig at eg datt over denne bloggen og
såg bilde av deg, såg noko kjent

det
var meg og det var kjempegøy å snakke med dykk!

kor lenge har du venta for å få så langt hår?

eg hadde langt hår i fleire år før eg fekk dreads.

 

et du frukost? i
så fall, kva?

akkurat no har
mariell og eg teke til å eta all-bran til frukost!

 

kor mange
sløyfeknutar kan du knyte?

éin, og det kan
vera vanskeleg nok!

 

 


my boyfriend answering your questions, part two.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *