to fine ting som skjer på ein onsdag.

1. i dag har eg vore på superduperbyrunde og blant tinga eg har gjort er å svinga innom tronsmo og skrive under ein kommisjonsavtale, som vil seie at ein no kan få kjøpt magasinet på tronsmo! for dei som ikkje veit kva eller kvar tronsmo er; det er ein superfin bokhandel i oslo, om ein tar trikken til tullinløkka så er tronsmo rett ved sidan av. hurra! det kostar 110 kroner der og eg håpar dei blir solgt ut superfort så eg må ned med nye.

sharon's sweet shop.
2. eg har óg vore på sharon’s sweet shop som eg vart tipsa om i går, eg kjøpte masse amerikansk godteri(til meg og til ein konkurransepremie som er så så så for sein allereie), og da spurte eg sharon om ho ville gjera eit samarbeid og ho sa ja! så da blir det konkurranse med amerikansk godteri i premie om ikkje så lenge. ho har alle mine favorittar, mint patties, hershey’s, wonka nerds, skittles, pixy sticks, kvite oreos, ulike taffy-typar, altoids, reese’s peanutbutter cups og så så så masse meir. elskar det!

sharon’s sweet shop,
olav v’s gt(inngang klingenberggt.)
trikk til nationalteateret.
heimeside her.


translation
today i have done two lovely things: left my magazine for sale at a book shop in oslo and bought a lot of candy at and fallen in love with sharon’s sweet shop. <3

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *