litt om magasinet.

magazine!!!
mange er ganske nysjerrige på magasin-prosjektet mitt, og her er litt fakta i form av ei punktliste:

magasinet er eit slags kunstmagasin med ein del ulike fotografar og forfattarar/skribentar, litt illustrasjon og ein osloguide og ein tekst skriven av meg.

arbeidet starta for ca eit halvt år sidan, men det er i hovudsak dei siste to månadane eg har jobba med det mange mange timar i døgnet.

  eg har gjort all den grafiske utforminga heilt aleine med program eg lærte på media og kommunikasjon på vgs(og er ganske stolt i og med at eg trudde eg hadde gløymt alt eg kunne allereie).

eg har brukt eit trykkeri i oslo som heiter zoom grafiske, opplaget er på 850, det er 80 sider og sidene er tjukke og blanke(akkurat som eg ville ha dei).

så langt har me berre solgt rundt 350, og eg har ein superstor
klump i magen(som heiter dårlig sjølvtillit) som seier at me ikkje får
solgt meir og at eg og han der fine må bu med pappøskjene resten av
livet.

fordi magasinet er på nynorsk har me fått økonomisk støtte fra landssamanslutninga for nynorskkommunar og aasentunet. også trafo, da. i magasinet er det kun to reklamar: lerum og balholm. eg ville i utgangspunktet ikkje ha reklame fordi eg veit kor sårbar målgruppa mi er for reklame for klede og skjønnhetsprodukt, og har vore så heldig at me har fått nok støtte til å sleppa det.

  pengane som er til overs etter dette magasinsalget går rett inn i eit nytt magasin som kjem til hausten(eg skal i utgangspunktet ikkje ha noko lønn for arbeidet og det er mykje viktigare for meg å få ut eit nummer to enn å få masse pengar(det er berre litt viktig for meg at de veit at eg ikkje gjer det for pengane si skuld)).

om de har idéar til nummer to er eg så superinteressert i å høyra om det!

og litt bilder:
magazine!!!
framsida, teikna av vidunderlige caitlin shearer.

magazine!!!
baksida. “takk, ivar aasen”.

magazine!!!
tekst skrive av ute er det melkehvitt.

magazine!!!
eingangskameraprosjektet.

magazine!!!
scannography av celina.

magazine!!!
editorial og intervju med sara.

magazine!!!
min oslo-guide. den brune saken på høgre side er eit kart eg har teikna over grünerløkka!

magazine!!!
fantastiske solveig selj.

magazine!!!
intervjuet mitt med martotopia.

om det er noko meir de lurer på så får de veldig gjerne spørra i kommentarfeltet. suss!

ps: til dei som ikkje tør eller får til å kjøpa ting over internett: ville de ha syns det var fint om eg satt i ein park med magasin som ein fekk kjøpa for ein hundrelapp?


an entry about my magazine and things some people have been wondering about. also some pictures to let you know what it’s all about.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *