i dag lagar me middag.

for meg er det viktig å ikkje eta så himla mykje kjøtt og eg prøver alltid å finna oppskrifter på ting som er så gode at ein ikkje har lyst på kjøtt eingang, og det gjorde eg sist veke: kikertburgarar! det er enkeltpenkelt og sånn gjer du det:

chick pea burgers.
skyll ei pakke kikerter, ca tohundre gram, me brukte dei fra eldorado og dei kostar typ åtte kroner.

chick pea burgers.
så kneftar du kikertene med ein stavmiksar eller food processor eller om du er supersterk kan du kanskje bruka gaffel. bland det med ein finhakka lauk, eitt egg, paprikapulver, salt, pepper, spisskummen. så blandar ein i mel til ein føler ein har ein okei konsistens(omtrent som kjøttdeig når ein lagar vanlige burgarar).

chick pea burgers.
så tar ein passe storleikar i hendene(pass på at hendene er blaute så det ikkje klistrar seg til håndflatene) og klem dei flate. steik dei så på middels varme med olje i ei panne, eit par minutt på kvar side.

chick pea burgers.
så kan ein blanda ein salat(kanskje med litt pasta i om ein er veldig svolten) og ein salatdressing.

chick pea burgers.
med rødbetar på toppen. halleluja! dei er ganske mektige, oppskrifta held til to personar. nam nam naaaaaaaaam!

kva et de til middag i dag?


my recipe for chick pea burgers.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *