sånt som bestevenner veit.


kjelde

eg og han der fine har ein føflekk inni venstre hånd begge to. min er fryktelig liten og hans er litt større men på samme plass.

som liten var eg livredd for å sova heimefra, og nesten kvar gong eg ville sova vekk måtte nokon ringa mamma og pappa også kom dei og henta meg uansett kor seint det var og dei sa aldri “jamen du vil jo berre heim”.

eg er sinnsjukt rastlaus og vil egentlig festa og vera invitert på middag og ha kakefest og ligga i parken og spela spel kvar dag sju dagar i veka og er generelt skuffa over kor usosiale folk er denne byen. stort sett er det alltid eg som inviterar til fest, pantar flasker, resirkulerar og vaskar opp. men det er okei sålangt.

eg skriv notatar på mobilen og har tretti utkastmeldingar med setningar eller ord eg skal bruka i tekstar som eg kjem over når eg sit på trikken, kjøper knekkebrød på meny eller går forbi nokon som luktar vanilje.

å kunne overvåka nokon tjuefire timar i døgnet ville nok vore den beste gåva nokon kunne gitt meg. eg har mange gongar leika med tanken å festa ein lydopptakar på ein offentlig plass(i ein heis?) for å høyra kva folk snakkar om når dei trur ingen høyrer på. her ein dag spurte eg han der fine om han ville ha støtta meg om eg på ein eller anna måte fekk montert ein lydopptakar på soverommet til kronprinsparet(han sa nei).

ofte blir eg heilt overvelda av kor mange folk som finst i denne byen og i verda, at absolutt alle har ein historie og skal ein plass, at tankane til nokon andre på trikken kanskje er i eit anna språk. av og til tenkjer eg så mykje at eg køyrer til endestasjonen utan å merka det også blir maten kald til eg kjem heim. ein dag skal eg følga etter nokon ein heil dag og bli ein liten del av livet deira utan at dei veit det.

eg held pennar og blyantar på ein rar måte, og har prøvd å venna meg av med det heile livet, men kvar gong eg prøver å holda “rett” ender det anten med at blyanten knekk eller flyg til den andre sida av rommet. om eg skriv mykje får eg raude merker på den midterste fingeren og vondt i tommelen.

då eg var yngre var felicity eit av mine store idol, for ho flytta ut og ho hadde dagbok på båndopptaker og eg ønska meg det men eg fekk det aldri.

eg er ganske morbid og har ein ekstrem fascinasjon for seriemorderar og psykopatar, og kan sjå timeslange dokumentarar og lesa artiklar der eg må slå opp halvparten av orda for å forstå, og denne fascinasjonen = <3 tv-seriar som dexter, csi og criminal minds.

å få tekstmeldingar er noko av det beste eg veit, av ein uforklarlig grunn. kvar gong eg ser den gule konvolutten på displayet kunne det like gjerne vore ei stor rosa pakke med sløyfe med bobleplast og tyll i. åh. blir varm i magen.

eg er livredd for at eg og han der fine skal bli eit sånt par som sit framfor tv-skjermen kvar einaste kveld og at me berre er meg og han heile tida, så av og til seier eg “nei, du får ikkje vera med”, berre så eg kan vita at me fungerar kvar for oss, og det er óg ein grunn til at eg flyttar til paris neste vår.

hjartet mitt er pyttelitt for stort og slår ikkje heilt som det skal. det hoppar over slag innimellom og av og til slår det dobbelt.

kvar månad brukar eg eit par hundre kroner på blomsterbukettar, nokre ville kanskje seie at det er bortkasta pengar og at ein heller skulle kjøpa krukkeplanter, men dei dør. etter kanskje to timar her. så eg latar som hemmelige beundrarar sender blomar på døra kvar veke og at det har blitt ein fin og uvanlig vane.

eg elskar alle kjolane mine, men eg brukar dei mykje i periodar også får dei kanskje henga i skapet i ein månad før eg brukar dei igjen. no har eg det sånn med dei svarte med blondekrage, annakvar kveld vaskar eg dei i vasken på badet og heng dei til tørk og dei tørkar akkurat til dagen etterpå.

han der fine heiter beibipingvin på telefonen min og me gir kvarandre små pingvinting når me finn, som varmeflasker og viskelær. det er for at pingvinar held saman til dei døyr. det skal me óg.

eg er allergisk mot sjokolade og fløyte og blir heilt rødprikka i ansiktet om eg et det, som ein liten polkadottball. også klør det.


just sixteen facts about me that you may or may not know(i’m fascinated by serial killers, spend a lot of money on flowers, hold pens and pencils all wrong and i’m allergic to chocolate and cream).

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *