1964.


det er nittensekstifire, ånden din er ei blanding av gamal whiskey og lucky strike, du har éin blond krøll i panna og trur du er kongen av heile verda. me står utanfor ein bar og du står i midten, du snakkar om politikk om dop om sex, klokka er fem på natta men det er det ingen som veit. det byrjar å regne og dei fleste går inn, du står igjen på fortauet, ansikt mot regnet og open munn. eg blir ståande og sjå på deg, går mot deg og stoppar rett framfor, lar regnet renna nedover kroppen min, trenga gjennom kjolen gjennom strømpebuksa inn i skoa. eg stiller meg på tå, tar ansiktet ditt i hendene mine og kyssar deg så mjukt at du nesten ikkje kjenner det. stopp. spol tilbake. ein gang til.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *