fredagshopping.

barhopping.
fredagskvelden min starta med rigatoni med pesto og ost. mmmm.

barhopping.
så møtte eg janne på olaf ryes plass, me drakk vin fra skeive glas i grünerhaven.

barhopping.
det var grått men fint over grünerløkka.

barhopping.
når det var tomt gjekk me ned i markveien til bugges der me fekk eit glas husets og janne sølte på diana, men det gjekk bra.

barhopping.
ho hadde prikkesokkar på. janne, altså, ikkje diana.

barhopping.
og eit dådyr med kappe.

barhopping.
så sa me hadet, bugges.

barhopping.
og gjekk til nighthawk diner, den mest hypa restauranten i oslo akkurat no og me måtte le når me gjekk rett inn(det er konstant fem meter kø der på kvardagar).  eg fekk løkringar og ein screwdriver.

barhopping.
og janne fekk fries og ein bloody mary. den smakte som tomatsuppe-fail ifølge meg sjølv.

barhopping.
me snakka om gutar og om ein kjekkas i hjørnet.

barhopping.
så teikna me jordbær og janne sa “du får mitt jordbær til å sjå ut som det har pels” og da lo eg.

barhopping.
også litt øl på det.

barhopping.
og fine servitøruniformar.

barhopping.
så vart det så mange kjendisar at me gjekk derfra så me drakk ei flaske musserande på takterassen og snakka om folk som snurrar ein rundt lillefingeren også måtte ho springa til trikken og det var den fredagen.

hadde de fine fredagar?


my friday was a lot of wine and drinks at the new restaurant nighthawk diner. when there were more celebrities than normal people we left and walked to my rooftop and drank a bottle of wine. topics of conversation: boys, sex and friends who arent really friends.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *