aleinetorsdag.

i dag tidlig reiste han der fine ifra meg, og eg låg i mange timar på golvet, berre stirra i taket og håpte han skulle komma tilbake, men det gjer han ikkje før på søndag. men egentlig er det jo bra, så får eg øva på å vera aleine.

a thursday.
utpå dagen fekk eg på meg kjole og mi nye sløyfe. den kjøpte eg på robot i markveien i går, det var ei mannesløyfe men med limpistol er den fin i håret. i løpet av dagen sendte eg to mms til han der fine:

a thursday.
“har kjøpt ny duk.”

a thursday.
“eg bakar til middag som du ser.”

a thursday.
til middag laga eg innbakte kyllingpølser med oppskrift herfra. det var super-supergodt og veldig enkelt. eg er litt opphengt i min nye duk og blomane, som de sikkert har skjønt. blomane er greiner fra eit tre rett utafor her.

a thursday.
eg åt middag til sex & singelliv, som alltid trøstar når eg ikkje har det så bra.

a thursday.
rett før sola går ned er det så fantastisk fint lys til og med om ein ikkje orkar å gå ut. så eg satt rett ved vindauga og skreiv tekstar om såre leggar og krøller ved øyrene.

a thursday.
så skreiv eg postkort til bestemødrene mine. eg likar så innmari godt å gjera det ein gong i månaden.

a thursday.
så drakk eg hylleblomstsaft til eg fekk vondt i magen, og no er det smoothie og meir sex & singelliv.

har de fine torsdagar?


my thursday was affected by my boyfriend leaving early in the morning, and there is a strange quiet feeling in my stomach. my thursday was wearing my new bow, buying a new table cloth, eating sausages for dinner, enjoying the light and the flowers, writing postcards to my grandmothers and drinking a lot of juice.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *