om ei lillesøster.

familymi første erfaring med lillesøster var på sjukehuset i lærdal, eg fekk ha ho i fanget, eg hadde kjole med stor krage på og fletter, og når ho prompa på låret mitt var ho ikkje så interessant lenger. som liten stengte eg ho inne i ein liten ovn eg hadde på rommet mitt, lugga ho og beit ho og låste ho inne på kottet. me krangla i baksetet på bilen, heile vegen til ungarn og tilbake, om kven som fekk sitta framme, om kven som fekk den kule gaffelen hos bestemor. når me måtte gi vekk katten fordi ho var allergisk ville eg mykje heller at dei skulle gi ho vekk og la katten bli igjen.

family

/det finst ingenting i verda som kan samanliknast med forhold mellom søstre. finst ingen is som er stor nok, ingen reise til paris, ingen nattbad. nasen min er meir rund og ho har meir firkanta, ho har brune auge og eg har grøne, ho har brunt hår på ordentlig mens eg berre juksar. me har samme tenner, samme munn, samme beinstruktur. samme foreldre, samme barndom, samme etternavn. mariell og renate. renate og mariell. det finst ingenting i verda som er bedre enn søsken.

family

baz luhrmann seier, i the sunscreen song, “be nice to your siblings, they are the best link to your past and the people most likely to stick with you in the future”, og eg ser for meg å sitta rundt eit trebord på ein veranda i london, med føttene trekt opp under meg, med knekkebrød og leverpostei ferskt fra noreg, tekopp i hånda, eg og han der fine og søster og kanskje ein høg og mørk ein, me tar dei med til alle plassane me likar og eg held ut mens ho shoppar i oxford street i timesvis, leitar etter plassar å sitta på topshop, for ingen andre enn ho.

family

eg skulle ønska eg kunne krympa ho til så lita som ei fyrstikkøskje og ha ho i veska heile tiden, surra ho inn i bomull og følga etter ho så ingen ingen kunne gjera ho noko, pakka hjartet inn i plast, børsta håret hennar og mata ho med gullskei, sjølv om eg veit at ho er smart og sterk nok til å klara seg heilt sjølv, eg veit at ho finn ut av det. sjølv om det er jævlig å vera søtten år og lillesøster. ho er alice i eventyrland, ute på glattisen, inni ein labyrint, og eg må la ho finna brødsmulane eg har strødd på vegen ut. så kan eg stå i andre enden og venta og vera den stoltaste storesøstra i heile verda.


about my little sister, try the google translator.

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *