magasinsnik.


cover av caitlin shearer.


editorial av solveig selj.


bilder av anja niemi.


oslo-guide av meg. den er som de ser ikkje heilt ferdig enda, det skal inn bilder og anna fin tekst.

andre fine ting: tekstar av meg, bergensguide av eira og marte, som er dei beste eg veit på kafé og vintage, mange fleire nydelige bilder, intervju med nesten alle bidragsytarar, magiske tekstar, trikketips fra meg, andre ting som får sommarfuglane i magen til å gå berserk. og i dag fekk me fantastiske nyheter om magasinet, men det er hemmelig foreløpig, eg ville berre at de skulle bli glad for at eg er glad. eg har så langt solgt ca 300 magasin, så berre fortsett med å kjøpa kjøpa kjøpa med paypal-knappen til høgre. om de ikkje får brukt paypal; ta kontakt på mail. me fiksar det!

noko anna som (kanskje) er er eingangskameraprosjektet der eg må sei at eg er så skuffa som eg kan bli og egentlig ganske sur fordi eg gang på gang har stolt på og tilbudt lesarane mine å vera med på fine prosjekt og gang på gang bryr dei seg ikkje så mykje i det heile. eg veit at det er eit fåtals personar som øydelegg for alle andre, og det gjer meg berre så innmari lei meg. så langt har eg kun fått inn eitt kamera og eg kjem ikkje til å senda magasinet i trykken før eg får inn fleire. dei som sit på kameraa er altså skyld i at magasinet kjem ut seinare og det er ganske kjipt.


a few peeks into my magazine!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *