i dag lagar me middag.

dinner.
i dag lagar me pasta med creme fraiche og safran og sennep om du likar det. du treng: champignon, pasta, safran(om nokon lurer på kvifor me har så himla mykje safran er det fordi han der fine hadde med seg ein boks heim fra palestina), sjalottløk, ei gulrot, ein boks med lett creme fraiche, sennep og kanskje litt kjøtt. me brukte lam, men kylling går sikkert óg fint. eller heilt utan, det bestemmer du sjølv.

dinner.
først hakkar du opp grønnsakene og legger ca to klyper safran i eit par teskjeier med vatn. champignonsoppen skal vera delt i to på midten også i skiver som er like tjukke som to femmarar oppå kvarandre. sjalottløken likeså, og gulrota skrellast og rivast grovt med eit rivjern. alt oppi ei steikepanne i denne rekkefølga: (først steiker du kjøttet om du har kjøtt og tar den ut av panna), champignon skal steikast i litt margarin om du vil, me brukar alltid margarin for det smakar så himla mykje betre, pluss litt salt og grovmalt pepper. steik til den har blitt liksom glossy og mjuk. så sjalottløken. så gulrøttene. bland safranvatnet(med safran oppi) med creme fraichen, så har du oppi heile boksen med creme fraiche i panna og rører rundt og lar det stå på lav varme i eit minutt eller to.

dinner.
før du startar med å steika grønnsakene set du på vatn så pastaen er ferdig omrent samtidig. eg veit at det er mange som er redd for å koka pasta men det er superenkelt. du tar ein kjele, fyller den med ferskt vatn, kokar opp vatnet med salt og litt olje, kastar oppi så mykje pasta ein vil ha og ventar så mange minutt som det står på pakken. ikkje ha lokk på for da boblar det over panna, og ikkje ha på heilt full varme heller. så er det berre å plukka ut litt og litt og smaka for å sjå om det er ferdig. vips!

dinner.
så tømmer du vatnet av pastaen og tilbake i kjelen og finn fram ein sleikepott, helst ein med blomster om du har.

dinner.
alt fyllet oppi til pastaen + litt ekstra safran + grovmalt pepper + salt. om du likar sennep vil eg absolutt anbefale ei spiseskjei med dijon, men du må ikkje.

dinner.
server! supergodt. eg veit at de er redde for å svi ting og for å overkoka pastaen og for å starta brannar på kjøkenet, men berre prøv. om det ikkje går kan ein jo berre bestilla ein pizza.


for dinner today: pasta with lamb, creme fraiche, mushrooms, onions, saffron and dijon mustard. so. good.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *