i gave my heart on the morning of november six oh everybody’s looking for a fix.

min førstefødte sønn skal heita une og han skal vera den tøffaste guten i gata. han skal klatra i tre og konstant ha plaster på kneet og ha dinosaurbrød til lunsj kvar einaste dag. han skal bli like høg som pappan sin men med mørkt hår og grøne auge og krøller berre i nakken. han skal bli så pen at jentene ikkje tør å snakka til han i heile tatt, og når ei jente endelig gjer det(kanskje ho er akkurat eit hovud lågare og askeblondt hår med litt bølger i), går rett bort til han og spør han om han vil bli med på kino seier han ja. punktum. og ho blir hans univers, han teiknar eiffeltårn på papirlappar og sender dei til ho i timen og når han frir var det nøyaktig sånn ho ville ha det men aldri hadde turt å tenka.

eller kanskje likar han ikkje jenter. kanskje forelskar han seg i ein hengslete blond gut og går med vonde sommarfuglar i magen i mange år før han endelig seier det, med øl i ånden og i hånda, på ein fest, at “eg elskar deg” og den blonde tar han i hånda bak eit tre og kyssar han og det føles som marshmallows over grillen, mjukt og varmt og akkurat det han ville ha. dei reiser på interrail saman og ein eller annan stad mellom avgang og ankomst heim finn dei ut at for evig og alltid ikkje er så lenge.


about my firstborn son(when i do have a son, that is). maybe he will like girls, maybe he will like boys, he will either way be absolutely beautiful and interesting. that’s for sure.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *