om paris.



eg har vore litt forsiktig så langt med å sei noko, for eg ville ikkje få for store forhåpningar og eg ville ikkje at de skulle, men no seier eg det berre: neste vår flyttar eg til paris. for eit par månadar. heilt aleine. eg pakkar sløyfene og kjolane og macen og flyr over land og strand og håpar eg landar mjukt. der skal eg læra meg litt fransk og å vera aleine, noko eg ikkje heilt har fått teken på enda etter fem og eit halvt år i tospann. eg skal bestille kaffe utan at dei merkar at eg ikkje er fransk, skal eta makronar til middag og ta bilder på plassar eg alltid har villa. han der fine skal vera igjen i oslo og ein kan berre håpa at det ikkje blir så vondt som ein ser for seg. han kjem sjølvsagt på helgevisitt for å kyssa i parkar og drikka øl og eta spaghetti. og bloggen skal sjølvsagt vera med. no har eg sagt det og kan ikkje ta det tilbake, tenk. neste vår flyttar eg til paris. var berre det.


just announcing some news: next spring i am moving to paris, all by myself. to learn french and the art of being alone and independent.

Leave a Reply to iD. Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *