ønske-ønskeliste.

på fredag har eg purstag! den feirar eg i stockholm med han der fine og ikkje i london på det finaste hotellrommet i verda, men pyttsann, stockholm blir fantastisk! om eg fekk velga akkurat kva eg skulle få til min purstag skulle eg velga:

diana f+ i fjor solgte eg mi diana fordi eg ikkje hadde nok pengar til å putala strømrekningen min og eg angrar så sårt. no som det blir lyst igjen lengtar eg så innmari innmari.


jordbær åh, tenk å få venner på døra med jordbær og vin og ingen bekymringar i verda. eg har ikkje turt å smaka på jordbæra enda, i frykt for at dei ikkje skal vera så gode som eg vil, men no vil eg.


tatovering eg har fått meirsmak og kan ikkje venta til eg får små små ord med stor betydning på kroppen. det er noko som er så innbydande med å gjera noko som er så permanent, og samtidig fullstendig avskremmande


5d mark ii eg har ønska meg dette kameraet så lenge at eg faktisk kjenner det på kroppen. eg sparar og sparar men det blir aldri nok, det er alltid telefonrekningar eller reiser eller tusen andre ting som kostar pengar og det skulle vore det beste i verda om nokon fant tjue tusen kroner dei ikkje hadde bruk for.


ei helg i paris eg har ein femeuro som eg lengtar etter å bruka på laduree, berre vera vera vera alt og ingenting i paris.


my birthday wishes for this year: diana f+, strawberries, tattoos, canon 5d mark ii, a weekend in paris.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *