magasin!


no har eg endelig fiksa så ein kan forhåndsbestille magasinet! eg håpar å få det ferdig til første veka i mai! om du vil forhåndsbestille magasinet kan du senda mail til hjartesmil@gmail.com med antall magasin du vil ha, dei kostar 110(eg måtte setta opp prisen med fem kroner fordi paypal tar seks kroner per magasin til seg sjølv) kroner per magasin inklusiv frakt. etter du har sendt mail til meg vil eg da senda deg ein “rekning” gjennom paypal. paypal er ein putalingstjeneste gjennom internett, som til dømes etsy og ebay brukar. der må du skriva inn kontoinformasjon(eller logga inn om du brukar paypal til vanlig) og adresse, så kjem pengane inn til meg og eg sender magasinet så fort det kjem!  eg brukar paypal fordi det er heilt trygt så eg kan ha full kontroll og at det aldri er noko tvil på noko som helst rundt pengane. det er kun 650 eksemplar tilgjengelig, så om du har lyst på eit kan du ikkje venta lenge med å bestilla. om det er noko de lurer på kan de kommentera her også skal eg svara så bra eg kan.

apropos magasinet eingangskameraa: kan eg få ein oppdatering på dei? kor langt har dei komme? korleis har det gått? eg har ikkje fått eit einaste tilbake og får litt vondt i magen av det. edit: om du har eit eingangskamera og skal senda det videre: ta tre ekstra bilder sjølv, kryss ut lista til det er igjen tre personar inklusiv meg, eg må berre få kameraa så fort som mulig for eg får ikkje gitt ut magasinet før dei er her.


if you want to order my magazine, you can mail me on hjartesmil@gmail.com and i will send you an invoice through paypal. for international shipments i charge 17 euros.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *