vinter.

eg orkar ikkje sova inntil deg, alt kjennast klissete sjølv om det er så kaldt at ein må holda pusten for å kjenna at ein lever, eg skrik til deg at du skal gå men du går ikkje, eg legg meg på golvet og søv der heile natta, når eg vaknar ligg du på golvet óg, hikstar, du har bredd over meg med mesteparten av dyna og du er nesten lilla sjølv om det er så mørkt at ein ikkje kan sjå, eg legg heile kroppen over din og bles varm luft og kyssar alle plassar eg kjem til medan eg seier unnskyld unnskyld på innpust og du seier at det går bra, du seier alltid at det går bra, det går alltid bra, snart kjem sola.



eit par dagar etter går me på kino, me deler ein villa champagne og me har to kokosbollar i ein pose, me har gitt tretti kroner ekstra for å få sofa, me brer over oss med kåper og skjerf og me slepp aldri taket, ikkje gjennom heile filmen, me spring gjennom gatene på veg heim, skrik fordi det er så kaldt, kjøper ein lauk på sultan, kyssar i heisen og gløymer å gå av i etasjen vår, legg oss i senga og held framleis hender sjølv om det er vanskelig å få av seg kåpene. me snakkar om kjærleik og lidenskap og at me ikkje ville ha hatt det på noko anna måte sjølv om det var enklare. det er når det er vanskelig ein veit at ein kan få det til seier du og eg er enig. du får siste slurk av champagnebrusen og me sovnar nesten utan å merka det, eg kjenner rykningane i kroppen din, høyrer på pusten din, kjenner hjartet pulsera i fingrane dine. eg drøymer om kirsebærblomar og du drøymer om sommarfuglar og ostekaker og når eg vaknar har du laga middag og me et den på golvet og ler.


about love not always being easy.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *