alt som kunne ha vore.

det kunne vore sommar, me kunne vore søtten, du har korte korketrekkerar
og frekner berre på nasen, du har kjempestore føtter og du bærer meg
rundt på ryggen. fra stova til kjøkenet, fra kjøkenet til soverommet.
mellom slaga teiknar du hoppeslott på ryggen min, bokstavar, sitat fra
favorittbøkene dine. me reiser til krakow fordi det er billig og du drar
meg tilbake til hotellet når hjartet mitt får for vondt, du lagar
fransk mat som om du var franskmann men egentlig er du berre norsk, av
standard kvalitet, du skarrar litt på r’ane dine men berre av og til og
du har litt for små lepper for min smak men det funkar for du kyssar som
ein gud, du har så mørke auge at det ikkje ser virkelig ut, du har
blåmerker på heile ryggen og det er min feil. du les barnebøker til meg
når eg ikkje får sova, syng alle beatles-songar du kan. det er midt i
juni når du reiser fra meg, du har ikkje skjorte på og når eg ser ryggen
din forsvinna på bussen veit eg at neste gang me møtast kjem me til å
vera høflige sjølv om me egentlig skulle ønska det var annleis.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *