easy peasy pasta.

okei, så! eg får veldig ofte spørsmål om lett og god mat, så i dag laga eg enkel pasta. eg brukte: spaghetti, ein raud paprika, kanskje femten tomater som er mindre enn cherrytomater, men cherrytomater går heilt fint. to spiseskjeier fetaost fra glas(om ein ikkje likar fetaost kan ein godt sløyfe det, men eg lovar at feta er noko heilt anna når det smeltar), litt riven kvitost, to spiseskjeier pesto(eg har brukt den krema typen. om ein ikkje likar pesto kan ein sløyfe pesto og bruke berre hakka tomater!), ei og ei halv med kesam og tre med hakka tomater. krydder eg brukte: salt, pepper og basilikum(kvernar salt og pepper sjølv). og sånn kan det gjerast:
easy peasy pasta.
easy peasy pasta.
kok pasta i salt. det er viktig å bruka friskt, kaldt vatn og ikkje juksa ved å bruka varmt. eg anar ikkje kvifor, men eg merkar forskjell. kutt opp paprika i passande bitar og steik den i ei steikepanne med litt olje og salt og pepper.
easy peasy pasta.
kutt små tomater i halve.
easy peasy pasta.
ta paprika og spaghetti i ei gryte og tilsett salt, pepper, pesto, kesam, hakka tomater, feta- og vanlig ost, sett den på svak varme og rør med noko som ikkje skjærer opp pastaen(ein kan gjerne bruka andre typar pasta, penne er sikkert veldig fin fordi den har riller og da vil osten setta seg fast til den og få fin konsistens). så smakar ein til med basilikum
easy peasy pasta.
ha alt på fine tallerkenar og tomater på toppen! det er superlett å variere, og eg kan tenka meg at det er supergodt å tilsetta ein lauk, kanskje vårlauk, kanskje små potetbitar, kanskje gul paprika, kanskje litt lime. berre ikkje ver redde. og ikkje svi ting. det går bra, lovar.

eg vil skriva meir om mat, så om eg ikkje har gjort det på ei stund kan de få skriva “men mariell du lovte” også gjer eg det. okei? og det er ikkje ei ny trend med eit innlegg for dagen, eg berre jobbar så mykje og er litt lite inspirert. også er det sol. og sånn. men eg har dykk i hovudet alltid altså, ikkje gløym det. supersussar til alle.


my easy peasy pasta!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *