ting eg vil at skal skje no no no eller kanskje i morgon.

<3 magasinet er ferdig og på sleppfesten skjer det eit sånt sekund der lyden er så høg og ein er akkurat passe berusa så at alt blir heilt stille og ein står stille midt i rommet og berre smiler og høyrer ikkje noko før han kyssar meg i nakken og seier at me klarte det.

<3 eg har ring på fingeren og me planlegg at alt skal vera rosa og grønt, med snop i store glasskåler med tunge lokk på og fine drinkar med fine navn, og prøver flaske på flaske med champagne og føler oss litt kongelige.

<3 me får dilla på chaplin og ser alt me kan få tak i og veit aldri kor mykje klokka er og gløymer å eta.

<3 drikka sju flasker kvitvin med sara og julie til klokka er fem om morgonen og ein kan gå ut for det er lyst, også springa gjennom sofienbergparken med kvit strømpebukse og utan sko med tepper som kappe og ein kan lata som byen berre er vår. sovna i graset og våkna til at folk køyrer på jobb også eta frukost på taket.

<3 snakka om: folk som ser ut som bilane og/eller hundane sine, å reisa til new york for første gong, om å flytta til london, om å føla seg klar. og le av dei voksne.

<3 ta toget gjennom frankrike, stoppa ein plass der det passar oss, kanskje det er navnet som gjer det, berre det er fransk nok, ta inn på eit lite hotell med smale gangar og skitne bad. bruka alle pengane på vin og croissants og vera kjempestolte når me klarar å bestilla utan at dei skjønnar at me ikkje er derfra.

<3 me har akkurat nok pengar til å kjøpa sju forskjellige typar sprit og brukar ei veke på å læra oss å laga forskjellige drinkar, stadig berusa, stadig smilande.

<3
invitera dei finaste me veit på taket, baka tusen pizza med kvit saus, akkurat passe mykje kvitlauk og valnøtter og når me et er det heilt stille heilt til ei latterkrampe bryt ut.

og om alt vart kasta i ein blender skulle det følast sånn:




things i want to happen right now or maybe tomorrow: take the train through france and only getting off when we found a place with a name we like, watch all there is of chaplin and forgetting to eat for days, plan our wedding to be pink and green, drink a whole lot of wine until it’s morning and we fall asleep in a park.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *