søndag.

sunday
søndag låg eg og fredrik lenge i senga og laga flodhestlydar før me rulla ut og gjekk til botanisk hage. der er det frivillige inngangspengar og det syns eg var så himla søtt.
gif maker
fredrik var glad for å vera der og tok ein dans.
sunday
inni det eine huset var det ein mystisk vulkan som ga fra seg røyk når ein blåste på den. det var supervanskelig å ta bilder for det var så fuktig.
sunday
i eit anna rom lukta det heilt fantastisk og i vinduskarmen var det tusen pelargonar.
sunday
og alt var så fint at ein berre vart gåande med hovudet lent bakover for å få med seg alt.
sunday
og i victoriahuset fins victorialilja, som eg har hatt lyst til å sjå i ein evighet. over den hang eit papayatre og i vatnet var det fiskar.
sunday
me var der litt for å ta bilder av fredrik óg, men eg tok dei analoge så de får sjå dei seinare. sånn såg det litt ut.
sunday
me fann ei kongle som fekk vera med heim.
sunday
eg hadde krøll i håret som fredrik hadde laga.
sunday
og me måtte lesa mykje kart, for det er så innmari stort.
sunday
inni eit anna hus var ei utstilling med bilder av insekt og monter med sommarfuglar.
sunday
og der var det fint lys.
sunday
så gjekk me heim for å ligga i senga og eta chips. fredrik reiste og eg måtte ryddaryddarydda som ein kanin og redigera bilder. i natt kom både han der fine og influensa smygande under dyna, så i dag blir ein rolig dag.

kva gjorde de søndag?


my sunday was spent in the botanical garden with fredrik, we took pictures and talked and walked and laughed at funny children and sweet dads. then we ate chips in my bed and after he left i spent the rest of the evening cleaning after a very fun weekend. now i have the flu.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *