nakke.


sidan de har vore så veldig dårlige på å kommentera i det siste og sidan det gjer meg trist, tenkte eg me skulle peppa litt med ein konkurranse. de veit sara, ikkje sant? ein av mine beste venner og ein fantastisk fotograf. me vart kjent gjennom noko så enkelt som at eg hadde ein konkurranse på bloggen. eg spurte om alle kunne visa skrivebordsbakgrunnane sine, og sara vant med dette bildet av ein nakke fordi eg er så glad i nakkar. ho fekk ein pakke i posten med fint snop og eit brev, og me vart venner på facebook. så møttes me på ukm i trondheim og paff! ny bestis.

så. bildet over er min bakgrunn akkurat no, for å minna meg sjølv på at eg ikkje er ubrukelig og at eg kan om eg vil. no vil eg sjå din bakgrunn! om din er finast får du noko fint i posten, høyres ikkje det fint ut? legg igjen ein link til ei jpg-fil i kommentarfeltet eller send på mail, er de snille. om de vil kan de godt skriva eit par setningar om det. kanskje eg får ein ny venn denne gongen óg, kven veit. suss!


i want to see your desktops!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *