litt av ein laurdag.

saturday.
i dag tok eg og han der fine bussen ut til bygdøy, der er folkemuseet og der har eg ikkje vore sidan eg var kanskje tolv år.
saturday.saturday.
kolonialen er open laurdagar og søndagar, og der har dei drops for atten kroner posen. med litt kongen av danmark og litt polkagrisar og litt anna fint.
saturday.
det er mange fine skilt og hus å sjå fra ganske mange forskjellige tider. ein kan gå heilt bort i vindauget å sjå inn og om ein vil kan ein banka på sjølv om det som oftast ikkje er nokon heime.
saturday.
han der fine kom heim i går kveld og eg har hengt rundt halsen hans heilt sidan, omtrent. han hadde tversoversløyfe og såg ut som ei løve som vanlig.
saturday.
og eg såg berre ut som meg sjølv.
saturday.
me gjekk i sirkel og i ring og litt oval og såg på alle fine husa og på rare turistar(nokon fra japan tok bilder av han der fine fordi han ligna sånn på orlando bloom, “you look like bovie star, you know bovie ring of the bord” hihih)
saturday.
sånne vindauge vil eg ha for da ser det mykje finare ut når det regnar og ellers kan ein jo berre ha dei opne. det var dessutan utstillingar av masse dokkehus og eldgamle leiker og da smelta eg som ein dam på golvet.
saturday.
me kjøpte postkort i museumsputikken og sendte eit par av dei til fine folk rundt omkring i landet. etterpå tok me bussen til frogner, fekk fire makronar i ein pose og åt dei til dessert(etter graut, såklart). mums. også har me kyssa masse, i tilfelle de var i tvil.

har de vore på eventyr?


my saturday: we went to norsk folkemuseum to walk around and eat candy from paper bags, wrote some postcards and ate macarons for dessert.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *