eg likar.

å våkna og tenka at ein ikkje vil stå opp også innsjå at ein berre har sove ein halvtime og kan sova mange timar til. når ein tar eit bilde og føler at det ein nettopp skapte var vakkert. når ein blir svolten på ein fest midt på natta og lagar pizza av det som finst. å le heile natta også gå ut for å ligga i graset når sola står opp. å føla at ein har hjulpe nokon ein ikkje kjenner. å teikna på seg dei rødaste leppene i heile verda også føla seg fin resten av dagen og tusen blikk på gata. ny parfyme. å finna eit plagg ein likar også passar det på millimeteren. når ein lagar ny type mat for første gang og resultatet blir fantastisk. å drikka ein liter kaldt vatn på styrt når ein er tørst. å sjangsa på ny vin berre fordi flaska er fin også er den fantastisk god. når ein berre må skriva historiar på alt av papir ein kan finna ein plass mellom oslo og heime.

kva likar du?


i love a lot of things, including having red lips and smiling to people on my way, making new foods successfully, trying new wines and loving them.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *