riga, to.

riga, day two.
først: hotellfrukost. åh, elskar de ikkje hotellfrukostar? alle kjem ut av gøymeplassane sine og ein får sitta der i ein krok og studera alle som går forbi. og hermetiserte fersken, hihi.
riga, day two.
etter frukost gjekk me, veronica skulle til tannlegen(the smile factory, hih), så eg gjekk litt rundt, prøvde å finna litt second hand, men det var som fretex på grønland i oslo(berre billigare sjølvsagt). men veldig fint å berre gå gå gå til føttene ga etter.
riga, day two.
me gjekk på det store markedet som ikkje var noko bra, me kjøpte såpe og sjokoladepålegg og ein champagne og gjekk heim for å drikka den!
riga, day two.
ti minutt og ei flaske riga-champagne etterpå tenkte me at det sikkert var okei å gå på shopping! så fylleshopping vart det, på eit koselig senter. med den finaste leikeputikken.
riga, day two.
ser de hylla nede der? ka-lei-do-skop. åh. eg kjøpte berre eitt, men angrar.
riga, day two.
riga, day two.
riga, day two.
det er så ein vil flytta inn dit. og sjølvsagt spelte dei amelie-soundtracket.
riga, day two.
så gjekk me til chocolatier emihls gustavs der me kjøpte sjokoladetrøflar.
riga, day two.
favorittar: rose og champagne. elskar. så skjedde noko fint: me skulle på restaurant og tenkte å ta drosje, så me snakka med ein taxisjåfør og istaden for å køyra oss dit med tusen omvegar berre peikte han og sa “five minutes walking that way”. åh. <3
riga, day two.
me bestilte ei flaske raudvin på fancy italiensk restaurant, kelneren var den søtaste i verden og veronica var mannen i forholdet.
riga, day two.
me bestilte fra menyar med sløyfe på. eg fekk and med rips og ho fekk biff med pære og sjokolade. herlig.
riga, day two.
eg var raudvin-glad.
riga, day two.
medan me venta på dessert skreiv me historiar om dei andre på restauranten, me har blitt ganske flinke til det óg.
riga, day two.
dessert! åh. med pinjekjerner på toppen.
riga, day two.
så til baren på hotellet som framleis er den merkeligaste plassen i heile verda med folk i alle aldrar og formar.
riga, day two.
og den kulaste dj’en i verda. me forelska oss i strawberry mojitos og skreiv meir historiar om dei på dansegolvet, prøvde å unngå blikket til eldre menn(norske og svenske sjølvsagt).
riga, day two.
cuba libre!
riga, day two.
mint daquiri. så var klokka fire og absolutt på tide å sova! i dag er enda ein ny dag, ein søndag, og min siste dag i riga. det får bli ein fantastisk ein.

har de vore på eventyr no?
ps: neste veke er det meldt 5 grader i oslo. <3


my second day in riga was walking a lot, drinking a lot and having a lot of fun.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *