opplag.

hei, finingar! eg går rundt med magasin-sommarfuglar i magen og har allereie begynt på eit nummer to, det er så spennande at det blir både vanskeligare og enklare å pusta altså. men eg lurer på ein sak og det er kor stort opplag eg skal ha. derfor lurer eg på om alle som skal kjøpa magasin kan legga igjen ein kommentar, den kan godt vera tom og anonym, og om de skal ha fleire enn eitt kan de legga igjen så mange kommentarar som antall magasin de skal kjøpa! det ville hjulpe veldig for å finna ut kor mange magasin eg skal trykka opp, for det er kjipt å sitta igjen med tohundre magasin liksom. suss!

kanskje eg burde oppdatera: magasina vil muligens bli solgt på éin eller fleire narvesen-kioskar i oslo, men mesteparten av magasina vil bli solgt og sendt ut gjennom meg. det har derfor ingenting å sei kvar du bur.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *