februar.


me skulle pakka alt me trengte, toalettsaker og reint undertøy, strømpebukser med prikkar på, ti rullar film, så skulle me gått hand i hand til trikken. til flytoget. den første rullen med film tok eg av menneske på flyplassen, folk som var på veg plassar, folk med brennande billettar i lomma, folk som sov. me gjekk glatt gjennom sikkerhetskontrollen, kven skulle trudd at me berre hadde bestilt billettane tre timar før, at me ikkje enda heilt visste at me var der. me kjøpte eit par øl for hundre kroner stykket og drakk den som om det var den siste, heilt stille, overraska over kor fantastisk verda er, at ein faktisk kan gjera sånt berre sånn på sparket. flyreisa varte like lenge som tre episodar how i met your mother, dei samme tre episodane dei alltid har på flya men eg såg dei likevel.



tog. taxi. hotellet var mørkt og skittent men med utsikt over ei gate, ei gate i paris og det var nok. me kjøpte ei flaske vin på putikken på hjørnet, ei pakke kjeks og tyggegummi óg, det var for seint å gå ut, for seint å finna ut kva som skjedde alle andre stadar i byen. me åt kjeks og drakk vin fra flaska i senga, ingen strømpebukser ingen sokkar. men bak augeloka planla eg ein dag i paris, med alle trappetrinn i eiffeltårnet, kyss i ein park(den første me kom over), med iskrem på den lille caféen rett ved pompidou-senteret, postkort til folk som ikkje hadde merka at me var borte, litervis på kaffi og makronar på det óg. du skulle skriva notar på serviettar fordi det ikkje kunne venta og eg teikna flodhestar på baksida av kvitteringar. same dag tok me flyet tilbake, etter berre tjuefire timar i city of lights, for det var akkurat nok til å klara å pusta resten av vinteren, kanskje heilt til slutten av mars kunne ein leva på lukta av gatene og følelsen av brosteinen under føttene. istaden er det minus tusen i oslo, og vinteren ser ut til å aldri ta slutt.



about needing paris if winter plans on staying any longer. images are linked to their sources.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *