magasin-oppdatering. (warning: tekst)

vel, eg kjem ikkje til å avsløra så altfor mykje enda, for da blir det liksom ikkje så mykje poeng i å kjøpa magasinet. men eg kan sei at så langt har eg veldig mange kjente og ukjente aktørar med i bildet, det vera seg forfattarar og fotografar og kunstnarar og andre fine folk. det blir eit magasin med masse fantastiske bilder og mange fantastiske folk.

eg kan sei så mykje som at eg gir ut dette magasinet heilt på eiga hand, kun med støtte fra venner og kjente til å gi meg idear. eg kjem til å setta saman magasinet heilt sjølv. mange lurer på om eg har kompetanse til det, men eg var grafisk ansvarlig for ein filmfestival i tredje klasse på videregåande og veit dermed mykje om prosessen fra idé til produkt, også er eg jo generelt eit estetisk menneske.

men! det er jo så mange fleire eg vil ha med her, nemlig blogglesarane mine! det er de som lagar hjartesmil og det er de som kjem til å kjøpa magasinet mitt. så:

ein. eg treng folk til å vera med i eit fotopostprosjekt til magasinet. dei som vil vera med kan senda adressa si til mariell.oyre(at)gmail.com.

to. eg er framleis veldig interessert i forslag til kunstnarar/kommersielle fotografar/illustratørar/bloggarar/navn, kva som helst, til magasinet. om du har foreslått nokon før har eg fått det med meg og slått det fra meg, eg er på jakt etter nye navn igjen! pøs på. og om de veit om interessante folk som er på noko måte involvert i nynorsk/skriv på nynorsk, gi meg navna deira. sidan eg er meg blir det jo eit visst fokus på det i magasinet.

tre. om de veit om fine plassar i oslo som kan vera fint for andre å vita om må det berre senda senda senda mail!

og hugs at absolutt alle idéar blir tatt varmt imot, men eg har desverre ikkje tid til å svara på alle mail.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *