eksponeringsdesign.

når eg blir bedt om å skriva om saker og ting på bloggen har eg eit par kriterie som må vera oppfylt for at eg skal visa det fram til alle som leser her. ein: det må vera noko eg finn interessant(hudproblem og onepiece tykkjer eg er så bånn at eg ikkje svarar på mail om det eingang). to: det må vera noko de finn interessant. tre: det må kunna vera full åpenhet om forholdet til dei eg skriv om, altså at de, lesarane skal vita at eg blir sponsa av aktørane. (berre så de alltid, alltid, alltid veit at eg aldri er ute etter å lura nokon som helst.)

her ein dag fekk eg ein mail med forespørsel om å skriva om linja eksponeringsdesignwesterdals, og eg tenkte det kunne vera interessant no i desse sluttepåskulensøkesøkesøkeangst-tider. eksponeringsdesign handlar rett og slett om å læra seg å bygga kommersielle eksponeringar, om ein kan seie det sånn. altså, dei som fiksar romma på ikea så dei blir heimekoselege(eg hoppar i sengene der når ingen ser berre så de veit) eller bygga utstillingsvindauge på glasmagasinet. sånne ting. og det tykkjer eg høyres så innmari gøy ut, gjer det ikkje? om de trykker her får de tre søte filmar og meir informasjon, og de burde absolutt sjekka ut dei andre linjene til westerdals óg, det er ein veldig bra skule. (også har dei øl i kantina, har eg høyrt)


biletet er linka til kjelda. dette innlegget er sponsa av westerdals school of communication.


about a norwegian school called westerdals school of communication.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *