kom vår.

altså, de veit jo at eg alltid prøver mitt beste for å vera positiv og holda motet oppe uanuanuansett. men no er eg så trøtt og lei av kulde og mørke at eg har bestemt meg for at det ikkje er kaldt ute. det er ikkje mørkt.

det er varmt og me går langs ei elv og inn i ein skog der me finn eit drivhus.

me et snop på laurdagsfrukostar og les heile aviser.

me pakkar saman skattar og draumar i koffertar og flyttar ut i telt for eit par veker, i våre to soveposar som kan stiftast saman til éi stor kengurulomme.

me plukkar blomar i vegkanten og dei ser finare ut enn noko kjøpebukett nokon gong kunne.

og eg får ikkje sova men det går bra for døgnet er rundt.

så da ser eg favorittfilmane mine istaden.

og det er akkurat varmt nok i været til at det ikkje er klissete eller kaldt å ligga tett uten klede.

er det ikkje herleg, finingar?
alle bileta er lenka til kjeldene sine.


i have decided winter is over. it is spring! all images are linked to their sources.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *