ei natt observasjonar

nulleintjuefem: lyset treff gardina og den triste planta, dei dannar skuggar i taket så mjuke så det føles som nokon har åpna ei dyne og tømt alle fjæra i ansiktet på deg, han kyssar meg og mumlar. nulleinfemtiseks: han merkar at eg har flytta meg og flyttar seg etter og sjølv om det gjer det vanskeligare å spela tp på iphone går det greit fordi han treng meg så inderlig til og med i halvsøvne. heliumballongen flyter rundt i eit slags mellomstadie, ikkje fugl ikkje fisk. nulltofjorten: brenn meg på tuppen av tunga, litt til venstre, har ingen honning i teen men sitron. det syklar ein mann forbi, eg håpar han skal på arbeid og at ingen han kjenner har det vondt. nulltoførtitre: tre politibilar med sirener utan lyd køyrer fort forbi og eg lurer på kva som skjer, kvar det skjer, om borna ligg trygge under dyner med hannah montana på og eg trur det, men langt baki hovudet spelar eit scenario der folk skrik så altfor høgt at eg må lukka augene men da skrik dei høgare så eg nynnar istaden. nynnar.  nulltrenullto: to menn går gjennom parken, eg har døra open og det er altfor kaldt. dei set seg ned på ein benk og eg ser ikkje heilt kva dei gjer så eg finn fram telelinsa. dei har narkotika og det ser ut som dei har det fint. men kaldt. eg håpar dei finn ein varm stad å sova i natt. nulltretjue: ingenting skjer. eg lurer på kvifor alt ser svart og kvitt ut når det er mørkt sjølv om eg veit svaret. det er finare å grubla på ting ein ikkje kan svaret på. eg tenkjer på at eg håpar det ligg post i postkassa i morgon og at eg får smil fra framande. nulltreførtiåtte: han er varm og eg er kald, han krøllar fingrane rundt skuldra mi når eg kryp inntil og han mumlar koselydar og veit at eg er der. han held rundt meg og det føles trygt som om han var ein kengurumamma og eg låg i lomma, de veit.


about not being able to sleep and things that happen outside my window in the night-time.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *