framtid:

pastellgrøne skyer over eit teppe i hagen, blautt og klissete fordi det ligg små vassdropar i lufta, akkurat nok til å gjera ei sommarnatt utholdeleg. du set deg opp på albogane så du ser litt viktig ut og nynnar på ein song du har skrive for lenge sidan, eg nynnar med og du blir alltid like overraska over at eg faktisk kan dei. eg kan dei, eg har høyrt dei millionar gonger, dei spelar på repeat i hovudet. me går på eit galleri og skjønnar ingen av bileta så me går på handikapptoalettet for å kyssa istaden, du løftar kjolen min akkurat nok til at eg blir beskjeden og me går tilbake til utstillinga, latar som om me har sett alt før, som om me har champagneglas i hendene. går som om me er redde for å snubla overende med ti centimeter hælar, men eigentleg går me berrføtt med skoa i veska. eg kviskrar “ikkje dø” kvar gong du går heimefra fordi eg meinar det og du veit og skjønnar at eg meinar det så du held hånda over hjartet mitt lenge nok til å kjenna at det slår kanskje tre gonger, lenge nok til eit kyss. du står i kjøkenet og kokar pasta. du gløymer deg og tømmer varmt vatn på foten og eg skyndtar meg for å blåsa blåsa blåsa også et me middag der, uten sokkar og strømpebukser, på golvet på kjøkenet, berre pasta og ketchup og alt anna i rekkevidde. eg er hysterisk for noko du ikkje fekk med deg men du held meg så hardt så det ikkje blir rom til å vogga fram og tilbake og du forstår ikkje kva eg seier fordi eg snakkar i gåter men du forstår akkurat nok. me har latterkrampe på golvet fordi eg brukar dei siste pengane eg har på vin, fordi det er så altfor typisk meg og det har blitt så typisk deg å berre le og påpeika at når me blir voksne nok skal eg berre få lommepengar(akkurat nok til eit par glas om dagen, du gjennomskuar meg når eg har lilla tenner). eg teiknar rebusar på ryggen din medan du søv og når du vaknar løyser du dei spegelvendt på badet og ler høgt for deg sjølv så eg vaknar.



love love love.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *