flink.

[gickr.com]_bcd6a6a9-1153-5514-8d2f-059b7196a5a7
i går kveld var eg til tannlegen. eg er kanskje redd for syklar og for alle framande menn, men tannlegar. tannlegar er eg mest redd for i heile verda(da meinar eg redd, typ kaste opp og bite i leppa til eg blør-redd). etter ei heil natt med googling(eg fant til dømes ein mann som hadde hatt litt vondt i tanna og det endte med at han måtte operere vekk halve ansiktet) måtte eg berre reisa til tannlegen. førtifem minutt(boring og rotfylling og kos) i ein stol med ei superdupersøt dame får meg til å tenka at “herrejemini kva er eg redd for tøysejente”. på andre sida av døra sat den finaste eg veit klar til å susse på nasen og holda kvitteringar og reseptar på smertestillande og pennicillin. så i dag tenkjer eg at eg skal få lov til å unna meg ein ny blomsterbukett. fordi ein ikkje treng å vera liten for å trenga belønningar når ein føler at ein har mestra noko. og litt fordi det er fredag.

kva unnar du deg i dag?


i finally went to the dentist yesterday(my biggest fear in the entire world), and i feel like fresh flowers would be a nice treat. after all, it’s friday.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *