c!

chantal michel

chantal michel var nok min første favorittfotograf. i dag har eg mange andre, men det er fint å tenka på at eg nok ikkje hadde vore den samme personen i dag om det ikkje hadde vore for ho.

coco chanel

altså, finst det nokon meir elegante og kule damer i verdshistoria før eller etter coco chanel?

creme brulee

akkurat no har eg så sjukt lyst på creme brulee heile dagen heile tiden, sjølv om eg nesten aldri har ete det.

champagne

det er liksom noko med det å ha ei flaske champagne ståande berre i tilfelle nokon skulle ringa og sei hei du får fem millionar av meg huuura! ikkje sant?

criminal minds

criminal minds er min favorittserie. eller, delt førsteplass med pushing daisies. matthew gray gubler + seriemordarar = <3.

kva er dine c’ar?


these are my c’s: chantal michel, coco chanel, creme brulee, crimina minds and champagne!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *