magasinhjelp.

okei, så de veit vel alle om magasinet no? det byrjar snart å ta form og eg vil gjerne at de skal vera med så mykje som de kan i prosessen fram til magasinet, komma med innspel til ting som er fine å ha med, men óg at eg kan spørja om ting og i dag spør eg om:

– eldre par: er det nokon som kjenner eit eldre par eller to som kunne vore fine å intervjua om kjærleik? send meg ein mail med litt info om dei og kontaktinformasjon på mail.

– leilighet: er det nokon som har eller kjenner nokon som har ein skikkelig fin leilighet eller hus(kanskje med eit skikkelig fint par)? skulle likt å laga ein interiørreportasje.

– frukost: frukost er mitt favorittmåltid om eg faktisk et frukost, og eg tykkjer de skal senda meg bilder av frukostane. helst store filer og helst litt gjennomtenkt.

– tekst: dei som har sendt meg kommentarar og mail om at dei gjerne vil skriva tekst om kjærleik, vil eg anbefala å berre skriva noko også senda meg på mail i og med at det er vanskeleg å plukka ut ifra alle som seier dei gjerne vil skriva.

– tips: tar imot alt av tips om kjærleiksbøker og -filmar eg kan lesa og sjå til magasinet. og generelt alt av tips til folk eller bedrifter eller kva som helst ein kan skriva om, og kanskje til og med annonsørar som hadde passa bra.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *