gjesteinnlegg om å vera ei løve (han der fine om kjærleiken).

av og til får ikkje mariell sova. eg får alltid sova, men mariell får av og til ikkje sova. og det er ikkje alltid eg klarar å halde meg vaken for å halde ho med selskap, så då sovnar eg. for nokre veker sidan hadde me ei slik natt. og grunnen til at eg skriv om det, er fordi at den natti hende noko av det vakraste som har hendt meg på svært, svært lengje. det hadde vore ein tung kveld, mariell hadde hatt problem med søvn lengje, og var mykje trøytt. me hadde ete spaghetti til kvelds, kvifor eg hugsar det, kjem eg attende til. men me skjønte at ho ikkje kom til å få sova denne kvelden heller, og eg skulle opp tidleg morgonen etter og laut sova. eg hadde ilt av ho, men kunne ikkje gjera så mykje med det

.

då eg vakna morgonen etter, låg ho ved sida mi (der ho høyrer heime). og eg tenkte; «heldigvis fekk ho sova likevel». det fann eg snart ut var feil, men eg trudde det eit par minutt. eg strekte meg, sette meg opp på sengekanten og helsa på dagen. tufla naken ut i gangen, i retning badet. då eg opna badedøri, vart eg fullstendig overvelda og ganske forfjamsa. dei vanlegvis kvite flisene var dekte av svarte teikningar, og eg skjønte ikkje kva som hadde skjedd. eg gjekk inn for å sjå nærare på kva det var for noko.  

 

det fyrste eg såg var ein pyramide, på høgre sida i dusjen, teikna med eyeliner. den starta øvst med eit hjarte, med eit smilefjes inni. Under det, sto det over tre fliser «M + J».  slik heldt det fram til det på nedste radi sto «M + J = » og så eit hjarte med eit smilefjes inni til slutt.  

 

det andre eg såg var ein hangman, på venstre sida av dusjen. det var tre ord, eit på to bokstavar, eit på seks og eit på tre. bokstavane e, s, k og r var fylte ut, slik at eg skjønte at det skulle stå «eg elskar deg». ved sidan av var det ein galge med ein litt utfylt mann og bokstavane x, s og o. av og til gjettar ein jo feil. 

 

på venstre sida av inngangsdøri, var det ei teikning av eit fjes. to lausvipper var limte opp til auge, nase og munn var teikna. kjakane var rougeraude og heilt runde. ved sidan av sto det; «eg får ikkje s o v e»! 

 

på høgre sida av inngangsdøri var det eit lite kryssord. nedover sto det «l o v e». bortover sto det «l ø v e». dei møttest på v-en. ved sidan av var det teikna eit fjes, med små prikkeauge, brei nase og dreads. etter kvart skjønte eg at det var meg med løvefjes, fordi attmed sto det «du søv!». 

 

under knaggane, delvis skjult av handduken, var det ei lita teikning, av noko som såg mest ut som krussedullar ruska saman. ved sidan av sto den forklarande teksten «spaghetti i magen din». 

 

ein kan sjølvsagt diskutere kor mykje noko slikt betyr. for meg betydde det alt. eg har fått behalde nokre av teikningane, slik at eg kvar dag når eg står opp og før eg legg meg, kan bli mint på at eg har nokon som elskar meg. nokon som elskar meg nok til at når dei skal tagge ned badet i søvndesperasjon midt på natti, er det med skildringar av kjærleiken vår. for meg gjer det den heile forskjellen. å få vera nokon si løve, sjølv når du søv.

 

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *