eg.


on film

eg treng å av og til eta kaker til middag og å ha tv på når eg er åleine(blir så stille ellers). og spaghetti og pesto.
eg likar å sjå for meg kva som skjer i dette bygget akkurat no. med minst trehundre personar her må det jo skje ein heil del merkelige saker.
eg et ikkje frukost, men om eg prøver så blir det alltid egg.
eg seier ja til å festa midt i veka, prosjekt som eg tykkjer er fine og klemmar når nokon spør.
eg seier nei til kva som helst som inneheld telefonsnakking. telefonangst dominerar alt anna. det er synd, men det er sant.
er er flink til å komma med kreative idéar, fotografere, bruka internett på ein bra måte, laga mat, sy hol i strømpebukser og tilby meg å hjelpa når folk treng det. og drikka vin.
eg les for tida ei bok som visstnok skal vera “the best children’s book for adults since the mysterious incident of the dog in the night-time”.
eg ler når folk ikkje veit at dei må holda seg fast på trikken, når eg går forbi gamle damer som ser fortumla ut(eller paal bang-hansen, han er søt) og når eg får sjå på dårlig tv. og erlend loe sine bøker.
eg er ein typisk kunstnarsjel som gløymer avtalar, er fullstendig impulsiv og irrasjonell og ikkje får sova om natta men som heller teiknar ned heile badet med eyeliner.
eg har aldri vore utanfor europa. (eg veit, sjukt!)
eg er lykkelig når eg får sleppa å tenka på funksjonalitet og kan ha på meg det eg vil uten tre par strømpebukser og berre kan drikka øl i skuggen frå eit tre kanskje i mai eller september.
eg trivst ikkje når det er varmt, for eg er altfor varm naturlig. typ to grader varmare enn normalt, i alle fall. så sommar er ikkje så fint for meg.
eg er dårlig på å hugsa avtalar, å passa på mat så den ikkje blir svidd, å eta frukost, å slippa folk heilt heilt inn.
eg er redd for å vera aleine, telefonsamtalar med ukjente nummer, edderkoppar med lange bein og lunken melk.
eg elskar å tenka på eit gammalt paris og å bu i eit nedslitt hus der ein må setta ut koppar og kar når det regnar.
eg trur på å ha ein anna tankegang enn “alle dei andre”, at det går an å ha tru på seg sjølv utan å vera fjern eller overambisiøs.

kopiert og omsatt fra jennifer. korleis ser du ut?


just some facts about me. try the google translator.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *