tomat.

ho berre sit der, i hjørnet. han mista, han óg. ho må sova aleine, men han mista, han óg. og ho høyrer ikkje etter, han skriker at EG MISTA EG ÓG men det hjelper ikkje, ho høyrer ikkje. vegen til ein mann sitt hjarte er mat. kanskje vegen til knuste mødre sine hjarte er mat óg, om han berre fekk ho til å eta noko, han hugsar ikkje kva ho likar, det er så lenge sidan dei har ete noko anna enn sjukehusmat. han spør, men ho svarar ikkje. spaghetti. han hugsar spaghetti. spaghetti har dei. han knyter skoa og seier at ho ikkje skal gå nokon plass. ho stirrar ut i lufta, men kanskje stirrar ho på eit anna støvkorn enn for ein time sidan. skoa knirkar heile vegen inn, han hugsar ikkje om ho likar kylling eller gris, så han tar begge. ved kassa kjem han på at det er tørt med spaghetti og kjøtt heilt aleine, sjølv på fine tallerkar, han går tilbake, vandrar kvilelaust mellom hyllene og veit ikkje kva han vil ha eller kvar han skal gå eller korleis morgondagen blir. tomat. det blir tomat.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *