de usynlige.


eg har så lenge hatt lyst til å gi vekk denne filmen til alle men eg har ikkje visst kva eg skal sei. då eg såg den første gong slo den pusten ut av meg, altså fysisk, eg klarte nesten ikkje å gå etterpå. og litt sånn har eg det no óg, så eg viser heller bilder og kommenterar der eg vil om det er okei?

noko av det beste er filminga, det er ein inderlig intens og vakker film.

nesten uansett når du set filmen på pause blir det som eit perfekt komponert fotografi.



første gong eg såg denne filmen tenkte eg ikkje noko meir over kvar handlinga føregjekk, men når eg har sett den etter eg flytta til oslo er det så sjukt merkelig å tenka “der tar eg trikken fra kvar dag” og “den barnehagen går eg forbi på veg til kiwi”.


hovudpersonen spelar orgel men egentlig er det iver kleive som spelar så så så vakkert så det slår pusten ut av deg.


også er han himla vakker, da. det hjelper.



sexscena og morgonscena etter sexscena er dei vakraste minutta eg veit om på film. av all film eg nokon gong har sett. når me såg den på kino tok eg hånda til han der fine så han fekk kjenna på hjertet mitt som banka heilt sinnsjukt fort for det var noko av det vakraste eg hadde sett. eg vil ikkje sei noko om historien eller om personane i filmen, for eg vil at de skal sjå den sjølv. den er sterk og det gjer vondt men den er verkeleg så inderleg vakker og dessutan er ikkje ane dahl torp eller aksel hennie eller nokon av dei med, høyres ikkje det fint ut? knis.

(de kan kjøpa den på platekompaniet for kanskje ein månad spotify premium(hundre kroner) og det er den vel verdt, altså.)


this is a norwegian movie called troubled water, which is my favorite norwegian movie.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *