hjelp?

eg veit at dei som bur her på hjartesmil er så forskjellige som ein berre får det, så ein nesten blir svimmel av å tenka på at det faktisk er plass til alle her(det er plass til mange fleire her, altså, ikkje gløym det). nokre ser film og andre les bøker. nokre siklar over louboutin-sko medan andre held på å sprekka av lyst etter kitchenaid-kjøkkenutstyr. nokre går med fornuftige sko og andre bryr seg ikkje. det eg skal fram til er at eg jo har eit stort tikkande prosjekt i hovudet, nemlig dette magasinet som eg har snakka om før. la meg forklara litt kva eg treng hjelp til.

eg vil prøva å laga eit magasin i april i år, og det vil, så langt eg har tenkt, inneholde ein heil del dyktige folk fra ulike felt, også mykje meg sjølv sjølvsagt. magasinet blir berre det eine, i april, med mindre det går veldig bra og eg kanskje lagar eit på hausten óg. eg vil at eit stille tema i magasinet skal vera kjærleik, altså ikkje at det skal vera veldig dominerande men at det blir ein tynn raud tråd som går gjennom det fra perm til perm. og difor lurer eg på om de har tips til flinke folk? illustratørar, fotografar, skribentar, folk som driv med heilt andre ting som kunne vore kule å intervjua eller som kunne vore interesserte i å annonsera, bloggarar, kva som helst som kunne tatt seg bra ut på papir? eg kjenner personlig veldig mange flinke folk, men eg vil ikkje at dette skal bli eit magasin der eg utelukkande viser fram vennene mine. om du sjølv er flink treng du ikkje å venta på at nokon skal tipsa meg om deg, eg vil gjerne at folk anbefalar seg sjølv óg. eg tar óg gjerne imot andre innspel, som oppskrifter eller bok- eller filmtips eller idear til artiklar eller kva som helst. dette er ditt magasin like mykje som mitt. send alt på mail til mariell.oyre(krøllalfa)gmail.com, eller legg igjen ein kommentar om de heller vil det.

eg berre er ikkje heilt sikker på om eg tør enda, for sist gong eg skreiv om det fekk det ikkje så overveldande respons eg hadde håpa på og da blir eg nervøs, men eg trur eg kjem til å gjera det uansett for min eigen del. sjølv om eg kanskje berre selger fem. så har eg i alle fall skapt noko eg kan holda i hendene.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *